Oslo-elevane langt framfor på nasjonale prøvar
Store forskjellar mellom elevane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oslo-elevane langt framfor
Nesten halvparten av åttandeklassingane i Oslo ligg på dei to høgste meistringsnivåa i lesing og rekning på dei nasjonale prøvane i år. Det er dobbelt så mange som i Nord-Trøndelag.
I snitt gjer norske åttandeklassingar det middels bra i lesing, rekning og engelsk, men biletet blir litt annleis når resultata blir delte inn etter fylke og kommunar:
– Det er store forskjellar når det gjeld læringa til elevane, og dette er det viktig å følgje med på lokalt, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NTB.
LES OGSÅ: – Nasjonale prøvar kan gi feilaktig bilde
Forskjellen mellom fylka er størst når det gjeld del elevar på det høgste av dei fem meistringsnivåa: I Oslo er over 22 prosent av elevane på øvste meistringsnivå i lesing, mens snittet nasjonalt er rundt 11 prosent. Det same mønsteret gjeld engelsk og rekning. Oslo skil seg ikkje nemneverdig frå andre store kommunar når det gjeld delen elevar på lågaste meistringsnivå.
Tala tyder på at kommunar og fylke som gjer det betre enn snittet har fleire elevar på dei beste nivåa og færre på gjennomsnittleg meistringsnivå.
Oslo har framleis flest elevar som blir fritatt frå nasjonale prøvar. Vel fire prosent av 8.-klassingane i Oslo fekk fritak frå nasjonale prøvar i lesing i 2015.
LES OGSÅ: Nynorskelevar presterer betre
Resultata i nasjonale prøvar i matte i 2015 for 8.trinn:
Når det gjeld standpunktkarakterar etter 10. trinn, kjem Oslo på ein fjerdeplass, etter Akershus, Hordaland og Sogn og Fjordane.