Terrorangrepa som har tatt flest liv i 2015

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Paris-åtaket sjuande størst i år

Terrorangrepet på Paris har så langt teke 129 liv. I tillegg døydde åtte terroristar som sprengde seg sjølv.

Det er det dødelegaste terrorangrepet i Europa sidan 2004. Då kosta bombinga av fire tog i Madrid 191 menneske livet. Seinare same året mista 372 livet i samband med gisseltakinga på ein skule i Beslan i Nord-Ossetia.

Elles i verda, er det fleire terrorangrep som er større i år. Den islamske staten (IS) og Boko Haram står bak angrepa som har tatt flest liv.

Her er terroråtaka som har tatt fleire enn 100 liv i år:

3.-7. januar: Boko Haram opnar eld mot landsbyar nord i Nigeria. Ein fryktar at kring 2000 mista livet.

20. mars: Fem sjølvmordsaksjonar frå IS mot sjiamoskeane Badr og al-Hashoosh i Sana'a i Jemen. 137 drepne og 345 skadde.

1. april: Minst 147 menneske blir drepne etter at minst seks væpna menn frå Al-Shabaab skyt rundt seg på Garissa University i Kenya. 79 menneske blir såra.

25. juni: IS-krigarar utløyser tre bilbomber i den syriske byen Kobanî, på grensa til Tyrkia. 146 menneske blir drepne.

1.-2. juli: Boko Haram går til angrep på fleire moskear i Kukawa i Nigeria, og drep 145 menneske.

17. juli: Ei bilbombe i den irakiske byen Khan Bani Saad tar livet av mellom 100 og 180 menneske under feiringa av Eid al-Fitr. 170 menneske blir skadd. IS har tatt på seg ansvaret for bomba.

20. september: Fleire heimelaga bomber frå Boko Haram tar livet av 145 menneske i Maiduguri i Nigeria. Minst 90 blir skadde.

10. oktober: To sjølvmordsbomber tar livet av 102 menneske i ein fredsmarsj i Ankara i Tyrkia. 508 menneske blir såra. IS har tatt på seg skulda.

IS har elles tatt på seg skulda for flystyrten over Sinai-halvøya som tok livet av 224 menneske 31. oktober. Det er enno ikkje stadfesta årsaka til ulukka, men ei bombe på flyet er ein av fleire teoriar som blir etterforska.

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

Faktaboks

For oppdaterte tal, sjå lista på Wikipedia over terrorangrep i 2015.

Global Terrorism Database fører statistikk over terrorangrep sidan 1970.

Sidan 1970 har det vore over 140.000 terrorangrep i verda.