Ekspertar: Åtaket har vore under oppsegling lenge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ekspertar: Åtaket har vore planlagt lenge

– Det er eit trusselbilde mot Frankrike. Men storleiken på angrepet, det trur eg kanskje ikkje ein var budd på, seier forskar Magnus Norell ved Utrikespolitiska Institutet.

Ifølgje han peiker det mot islamistiske terroristar.

Juha Saarinen, forskar i jihadisme på Försvarshögskolan, seier det er mogleg gjerningsmennene kan ha kjempa i utlandet – til dømes i Syria – og så komme tilbake til Frankrike.

– Den lokale jihadistrørsla er aktiv, seier Saarinen.

Potensielle terrorceller i Europa og Vesten er blitt betre til å kryptere kommunikasjonen sin. Derfor famlar dei vestlege etterretningstenestene i mørket, seier Danmarks tidlegare PST-sjef Hans Jørgen Bonnichsen til nyheitsbyrået Ritzau. (©NPK)