Åtvarar mot meir tråling

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 13. november la fiskeriminister Elisabeth Aspaker fram stortingmeldinga om sjømatindustrien.

Regjeringa foreslår å regionalisera leveringsplikta, fjerna tilarbeidingsplikta og sette ned ein kommisjon med sikte på å avvikla aktivitetsplikta.

Reagerer

Dette får Therese Hugstmyr Woie, nestleiar i Troms Natur og Ungdom, til å reagera.

– Vilkåret for å tillata trålarar i Noreg var at dei skulle levera fisken til lokalt foredling. Når ein foreslår å fjerna tilarbeidingsplikta, og regionalisera leveringsplikta, vil fiskeindustrien i små kystsamfunn svekkjast. Viss ikkje trålarane klarer å levera lokalt må kvotane gå tilbake til kystflåten i kystsamfunna, meiner Woie.

Sjarkar i kystflåten leverer fangsten fersk til fiskemottak langs kysten. Kvar sjark kan skapa tre arbeidsplassar på land i foredlingsindustrien og bidreg til levande kystsamfunn.

LES OGSÅ: Sjømat kan spele større rolle i kampen mot svolt

Høgare CO2-utslepp
Trålarane leverer ikkje lokalt i like stor grad, og ofte vert fangsten frose om bord og vert til sendt til foredling andre stader. 50 prosent av torsken går til Kina, og gir ifølgje Natur og Ungdom sju gonger så høge CO2-utslepp som om kystflåten hadde fanga fisken og levert til lokal foredling. Miljøvernarane meiner tiltaka Aspaker kjem med tek klimagassutsleppa i feil retning.

– Fiskerinæringa står i dag for nesten like store utslepp som innanriks flytrafikk. Trålarar slepp ut mykje meir CO2 per fangst enn båtar i kystflåta. Trålarar har ofte stor bifangst, skader havbotnen, tar dårleg vare på fisken, og har eit høgt klimagassutslepp. Me kan ikkje gjera fiskerinæringa mindre berekraftig no når me er inne i ein overgang til eit fornybart samfunn, held Woie fram.

– Låg lønsemd
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker grunngjev forslaga til tiltak på denne måten:

– Lønnsemda i sjømatindustrien har vore låg over lang tid og me ser at stadig meir fisk blir sendt til foredling i utlandet. Regjeringen meiner det er muleg å snu denne utviklinga, men då må me vera villige til å auka fridomen til næringa og fleksibilitet. Terrenget har endra seg og då hjelper det ikkje med gårdagens politiske reguleringar, seier Aspaker i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Klimaendringar pressar fisken nordover