Ein bagatell, synest du? For desse forfattarane er det alvor.

mm

Viss du gjekk innom ein av bokhandlarane på Stord sist veke, så var det ikkje så lett å merka at det samstundes var Noregs største barnebokfestival på øya med 5700 publikummarar.

Ein av festivalforfattarane, Ingunn Røyset, gav beskjed.

– Eg synest det var veldig kjekt å vera på Falturiltu. Eg hadde fleire opplesingar, både for unge og eldre, og fekk gode tilbakemeldingar. Mange likte bøkene, og på eitt bibliotek blei det stor rift om å få låna det einaste eksemplaret dei hadde.

Fleire hadde òg lyst til å kjøpa bøkene, men fleire av bokhandlarane mangla bøkene hennar.

– Det er litt synd at når ein vekkjer leselyst med ein festival som Falturiltu, så er det ikkje så lett å få tak i bøkene i bokhandel. Det hadde vore eit gyllent høve for bokhandlarane til å visa fram nynorske barnebøker, seier ho.

Roald Kaldestad, leiar av Falturiltu og barnebokforfattar, synest òg bokhandlarane kunne vore meir offensive. Han skulle òg ønskt seg at dei stilte på arrangementa til Falturiltu for å selja bøker.

LES OGSÅ: Heller lågkarbo enn nynorsk

– Betre med tilgjeving enn tillating
Tone Vaka ved Norli Stord fekk besøk av Ingunn Røyset og bestemte seg for å markera verdas einaste nynorske barnebokfestival med eit eige bord med nynorske bøker.

– Det er triveleg når forfattarar tar seg tid til å koma innom, seier ho.

Fleire klager over at sentralstyrte kjeder gjer det vanskelegare å visa fram nynorske bøker. Tone Vaka har tatt saka i eigne hender og har no bestilt ein eigen reol for nynorske bøker.

– Det er betre å få tilgjeving enn tillating, seier ho.

Ho ønskjer å visa støtte til Falturiltu og nynorsken.

– Dei andre bokhandlarane må gjera som dei vil, men eg vil oppmoda dei om å støtta opp under Falturiltu og den nynorske litteraturen, seier ho.

LES OGSÅ: – Bokkjedene bestemmer meir

Større etterspurnad
På Ark Stord markerte dei Falturiltu med eit halvt bord med bøker frå forfattarar på festivalen.

Dagleg leiar for Ark Stord og Ark Heiane, Janeth Båtsvik, hadde òg tinga fleire bøker frå festivalforfattarane.

Både Ark og Norli fortel om auka etterspurnad etter nynorske barnebøker under Falturiltu.

– Kva seier du til dei som seier at det ikkje er så mange nynorske bøker å velja mellom?

– Det er veldig mange nynorske barnebøker, og folk spør etter dei òg, seier Båtsvik.

– Kva tenkjer du om de har eit ansvar for å fremja nynorsk litteratur i ein nynorskkommune som Stord?

– Eg føler me har eit eige ansvar for nynorsken. Eg synest sjølv det er eit fint språk, avsluttar bokhandlaren.

LES OGSÅ: Suksess for bokhandel-stunt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE