Heile Norden les Maria Parr

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er klart for Nordisk bibliotekveke denne veka, og i år er temaet vennskap i Norden.

– Bibliotekveka skaper eit heilt spesielt fellesskap, når heile Norden og Baltikum samlast om å lesa den same litteraturen, seier Heidi Lønne Grønseth, skule- og bibliotekansvarleg i Foreningen Norden.

Eit av verdas største
Nordisk bibliotekveke er eitt av verdas største høgtlesingsarrangement, og blir arrangert av Foreningen Norden.

Boka for yngre barn er Vaffelhjarte av Maria Parr. Boka er omsett til 27 språk, inkludert alle dei nordiske og baltiske språka, bortsett frå finsk, grønlandsk og litauisk.

– Boka er ei morosam og rørande fortelling om Lena og Trille sitt sterke, men sårbare vennskap. Maria Parr tar temaet og barn på alvor, seier Heidi Lønne Grønseth til Framtida.no.

Les intervju med Maria Parr:– Alle barndommar er like viktige

Boka for ungdom er Skriv i sanden av Marjun Syderbø Kjelnæs, som òg er utgitt på Samlaget her i Noreg. Frå synsvinkelen til ti ungdommar skildrar forfattaren korleis vennskap og gode relasjonar til andre er viktig. Og at menneske ikkje alltid er slik dei først ser ut til å vera.

Boka fekk terningkast 6 av meldaren vår: Universelt om ungdom

– Bør lesa meir frå nabolanda
Den færøyiske forfattaren har tidlegare sagt i eit intervju med Framtida.no at ungdom bør lesa meir litteratur frå dei nordiske nabolanda sine, og då gjerne på nabospråka også.

Høgtlesingsboka for vaksne er eit utdrag frå Islendingesogene, som blir sett på som det viktigaste bidraget til verdslitteraturen frå Norden. Trass i nøkternt språk blir sterke kjensler skildra og syn på lojalitet og slekt- og vennskapsband på 900- og 1100-talet. 

Les intervju med Marjun Syderbø Kjelsnæs:– For å forstå denne ståstaden som heiter Norden