Sluttar med idrett på grunn av utstyrspress

Halvparten av norske idrettsforeldre meiner utstyrspresset i barneidretten er for stort.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sluttar med idrett på grunn av press

Ein av seks familiar har valt å halda barna unna ein idrett, fordi det er for dyrt, viser undersøking.

– Vi synest det er synd at barn og unge sluttar med idrett fordi utstyret blir for dyrt for foreldra, seier Knut Nystad, smørjesjef i Norges Skiforbund Langrenn, som i ei pressemelding oppmodar folk til å kjøpa brukt skiutstyr.

I ei undersøking utført av Respons Analyse kjem det fram at halvparten av norske foreldre meiner utstyrspresset i barneidretten er for stort. Så mange som ein av tre opplever utstyrspresset på eigne barn, og like mange brukar meir enn 10.000 kroner på idrettsaktivitetar til barnet på eitt år.

LES OGSÅ:Løysinga ligg i det spartanske

Bytehelger i heile landet

For motverka utstyrspresset oppmodar smørjesjefen og Skilandslaget no folk til kjøpa brukt skiutstyr. Under mottoet «Ja til brukt!» blir det i november for første gong arrangert ein felles bytemånad over heile landet. Heile 50 skiklubbar rundt om i landet vil då arrangera bytehelger der andre kan få nytte av skiutstyret som barna dine eller du sjølv har vakse frå.

LES OGSÅ:Tilbyr nesten gratis utstyr

Bruktkjøp med rettleiing

I undersøkinga kjem det fram at så mange som ein av fem lét vera å kjøpa brukt fordi dei er usikre på kvaliteten. Dette vil Skiforbundet no gjera noko med.

– Alle klubbane får rettleiing rundt kvalitet og storleik, seier Nystad.

Han fortel at folk skal få hjelp når dei er på jakt etter alt frå klassiske ski, skøyteski, bindingar, stavar og støvlar.

Bytehelgane er eit initiativ i regi av Norges Skiforbund Langrenn, Sparebank 1 og EiendomsMeglar 1.

Kommunikasjonssjef Christian Brosstad i Sparebank 1 Gruppen peikar på at bytehelger også er positivt for lokalmiljøet.

– Byter du her, er du aktivt med å støtta lokalmiljøet. Det gjer det enklare for lokale klubbar å driva organiserte tilbod til barn og unge, seier han. (©NPK)