Ho kan bli ungdommens favoritt

Her er bøkene 200 elevar i vidaregåande skal finne vinnaren av Ungdommens kritikarpris blant.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli ungdommens favoritt

Årets nominasjonar til Ungdommens kritikarpris er no klare. Juryen har nominert ni bøker, som 200 elevar i vidaregåande no skal gå i gang med å lese. Tre av bøkene er på nynorsk.

I mars 2016 får vi vite kva for bok som er ungdommens favoritt.

LES OGSÅ: Alle barndommar er like viktige

Politisk engasjement
Det er stor breidde i årets liste, ifølgje foreningen !les, som står bak prisen, saman med Utdanningsforbundet, Lesesenteret i Stavanger, Norsk Kritikerlag og Den Norske Forleggerforeningen.

– Kjærleik, seksualitet, familie- og parforhold er stikkord for prosaen, medan lyrikken syner eit politisk engasjement. Temaa vert utforska på ulike måtar og det vert spanande å sjå kva som engasjerer dei unge lesarane, skriv prosjektleiar for Ungdommens kritikarpris i foreningen !les, Bjarte Bakken.

– Det eneste vi vet sikkert er at ungdomsjuryen alltid kommer med nye og interessante lesninger, legger han til.

LES OGSÅ: Nominerte Tormod Haugland om romanen Mørk Materie

Dei nominerte er:

Tiril Broch Aakre – Redd Barna (Flamme forlag)

Inger Bråtveit – Alice A4 (Oktober)

Geir Gulliksen – Historie om et ekteskap (Aschehoug)

Inger E. Hansen – Å resirkulere lengselen, avrenning foregår (Aschehoug)

Tormod Haugland – Mørk materie (Oktober)

Øyvind Rimbereid – Lovene (Gyldendal)

Kjersti Rorgemoen – Håpet og festen (Kolon)

Laila Stien – Over elva (Tiden)

– Det er ei glede og ei ære å verta lesen av ulike vidaregåande skular med elevar frå heile landet, seier Bråtveit om nominasjonen.

Saka held fram under biletet.


Bråtveit er nominert til Ungdommens kritikarpris for det juryen meiner er ei modig og kritisk vidaretolking av Alice i Eventyrland. Foto: Andrea Nøttveit.

LES OGSÅ: Intervju med Inger Bråtveit, som har skrive Alice A4

Årets nominasjonsjury har bestått av Ellen Sofie Lauritzen, Arne Borge og Olaf Haagensen.

Her kan du lese deira grunngjeving for nominasjonane.

Det er elevar i vidaregåande skule som skal avgjere kven som får prisen.

Årets juryklasser er:

2B studieforberedende ved Aust Lofoten vgs. I Svolvær, Nordland.

3. kl. påbygning ved Frogn vgs. i Drøbak, Akershus.

3. kl. påbygning ved Aglo vgs. i Stjørdal, Nord-Trøndelag.

3 kl. Medier og kommunikasjon ved Horten vgs., Vestfold.

2STC studieforberedende ved Skeisvang vgs. i Haugesund, Rogaland.

2STC studieforberedende ved Oslo Katedralskole.

2 kl. Musikk ved Langhaugen vgs. i Bergen, Hordaland.

Desse var nominerte i fjor, då Birger Emanuelsen vann med Fra jorden roper blodet.

LES OGSÅ: Slik reagerte Emanuelsen då han fekk Ungdommens kritikarpris

Faktaboks

Om Ungdommens kritikarpris 
Ungdommens kritikarpris gir elevar i vidaregåande skule moglegheita til å fordjupe seg i, og meine noko om, samtidslitteratur og kritikaranes favorittar.

Roy Jacobsen, Nikolaj Frobenius, Helga Flatland og Agnes Ravatn er blant tidlegare vinnarar.