Om ti år skal Kathrine Molvik ha 100 tilsette som jobbar over heile verda. Men fyrst må ho overvinna mannsarrogansen.

Yngve Garen Svardal/Nordhordland
Yngve Garen Svardal/Nordhordland

Les saka i Nordhordland.

– Eg klarar å ta meg sjølv ganske uhøgtideleg, og let det ikkje gå inn på meg. Eg prøver heller å dra nytte av det i staden. Men det er klart at på messer i dag, vender dei seg alltid til mannen i følget. Då gjer det ekstra godt når han ikkje kan svara og seier at dei må snakka med meg, seier Kathrine Molvik.

Starta eige selskap
Sommaren 2014 bestemte ho seg for å starta sitt eige selskap. Den fyrste ho fortalde det til var sjefen sin. Deretter fekk sambuaren beskjeden.

– Det fyrste han sa til meg var «Veit du ikkje at me nett har kjøpt oss nytt hus?». Ja ja, det må berre ordna seg, svarte eg han, seier ho og flirer.

Garderobe på handikaptoalettet
Molvik sin karriere innanfor industrien byrja då ho var 15 år gammal og byrja som den fyrste kvinnelege lærlingen hjå Frank Mohn Flatøy. Der hadde ho garderobe på handikaptoalettet og fekk opplæring til å verta industrirøyrleggar.

Etter kvart vart ho røyrkonstruksjonsingeniør og jobba hjå Frank Mohn piping, byrja på sveiseingeniørstudiet, vart den sjuande kvinnelege sveiseingeniøren i Noreg og vart etter kvart hyra inn til å bygga opp ei eiga sveiseavdeling hjå PSW group på Mongstad. 

– Etter kvart hadde eg jobba ein del med spesielle materialkvalitetar og byrja å verta flink på det. Andre selskap byrja å spørja meg om råd, og då oppdaga eg at det sat ein del sveisekoordinatorar åleine rundt om. Då tenkte eg at dette måtte kunne gjerast på ein annan måte, seier ho.

LES OGSÅ: «Har me nokon gong sett ein kvinneleg antihelt?»

Ideane byrja å modnast, og på eit etablerarkurs våren 2014 bestemte ho seg for å etablera sitt eige selskap, FeC. Der samlar ho kompetanse på ein plass, som ho tilbyr mot bedrifter.

– Kva er det som er så fascinerande med sveising?

– Det er utruleg masse ting som skjer inne i materialet når du varmar det opp. Det er ein prosess som festar seg inne i hovudet mitt, seier ho.

– Ho vesle blonde
Molvik brenn verkeleg for yrket sitt og har vore med og starta opp nettverket «Ung sveis». Ho sit òg i styret til Norsk sveiseteknisk forbund sentralt. I sommar var ho ein av to norske representantar på ein internasjonal konferanse med representantar frå heile verda.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsekteskap

– Det var utruleg interessant. Du skapar deg eit stort nettverk og du får førstehandsinformasjon om kva som skjer i sveiseverda, seier ho.

Men ho fekk nok eit døme på at ho er ei lita (150 cm høg), blond kvinne i ei svært mannsdominert verd.

Då dei skulle sjekka inn  på hotellet fekk  ho og sambuaren, som var med som følgje, ei selsom oppleving.

Medan delegatar fekk eit blått halsband og ei PC-veske ved innsjekk fekk følget, i dette tilfellet hennar mannlege sambuar eit rosa halsband og ei skulderveske.

Molvik ler av heile historia. Det  enda med at sambuaren nekta å gå med sitt rosa halsband.

LES OGSÅ: Vil ha fleire kvinner på flyhalane

– Korleis har det vore å vera dame i den mannsdominerte bransjen? Ser dei på deg som ho vesle blonde?

– Ja, mange gonger, seier ho.

Ho fortel om møte der ein medvite snakkar til mannen ved sidan av, ikkje ho. Om rundar dei har vore på verkstader i samband med møte, der ho vert klappa på skuldra av menn som seier at «Du vesle venn, du visste jo kva du snakka om du»

– Vert du forbanna då?

– Ja, eg kjenner eg vert sur då. Det går på det å ha respekt for den du snakkar med. Men det vert berre ei god historie, seier ho.

– Du seier du tek det med eit smil, men har det aldri påverka deg?

– Jo, eg har kjent på det nokre gonger at uansett kva ein gjer, så må ein alltid prestera litt ekstra for å verta sett som kvinne, seier ho.

– Men då gjer det ekstra godt dei gongene ein vert sett og høyrt. Det er det eg fokuserer på. Når du ser haka på dei du snakkar med fell ned og du har alle svara dei ikkje fekk frå mennene dei fyrst snakka med. Det er ei veldig god kjensle, smiler ho.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen Kristin Fridtun

Ikkje stoppa av tøffe tider
Draumen hennar er at om ti år har Molvik ei høgst levande bedrift med 100 tilsette og dei opererer i heile verda, og dei skal framleis vera i vekst.s

Målet er å utdanna fagarbeidarar som er stolte av faget sitt, slik at det vert kult for nordmenn også å verta sveisarar.

Dei tøffe tidene stoppar ho ikkje.

– Eg tenker jo at me skal veksa. Folk ser rart på meg når eg seier det, men det må dei berre gjera. Me veks gjerne ikkje så fort, men målet er at i løpet av 2016 skal det skje mykje, seier ho.

Ein må tenka stort og vera glad for det ein oppnår, er filosofien hennar.

– Om eg trynar undervegs, så har eg lært utruleg mykje. Det er på dei feila ein gjer, at ein kan læra og gjera ting betre, sluttar ho.

LES OGSÅ: Likestilling i sniglefart

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE