Vil ha fleire kvinner på flyhalane
Berre 18 av 74 av Norwegian sine haleheltar er kvinner. Kvar er Astrid Lindgren og Elise Ottesen-Jensen?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me trur at det spelar ei rolle kven som synst i media og offentlegheita når personar bestemmer seg for kven det er som har kompetanse til å arbeida i ein spesiell posisjon eller gjere ulike ting i samfunnet, forklarar ordførar i den svenske Rättviseformedlingen, Seher Yilmaz, i ein e-post til framtida.
Dei reagerer på mannsdominansen på dekoren av Norwegian sine fly, og har no teke initiativ til å betra denne.
LES OGSÅ: Difor når så få kvinner toppen i akademia
Seksualopplysar og barnebokheltinne
Førre veke la den ideelle organisasjonen ut eit innlegg på sine Facebook-sider der dei peikar på at berre 18 av 74 haleheltar er kvinner.Vidare oppmoda dei sine støttespelarar til å nominere nordiske kvinner som fortener å hyllast.
Dei fekk inn 30 forslag. Blant dei mest populære er norsk-svenske Elise Ottesen Jensen, ein pioner på svensk seksualopplysning og den personen den norske kvinnegruppa Ottar er oppkalla etter.
Andre populære forslag er: barnebokforfattar Astrid Lindgren, den norske forfattaren Cora Sandel og den svenske forfattaren og feministen Fredrika Bremer.
Sjølv skulle Yilmaz gjerne sett biletet av forfattar Katarina Taikon fly over himmelen.
Her kan du sjå oversikta over Norwegian sine nordiske haleheltar.
Den danske målaren Anders Zorn er ein av 54 menn som har fått æra av å pryda ein flyhale. Foto: Hans-Peter Gauster, Flickr Cc-commons
Viktig å løfte fram kvinner
Rättviseformedlingen er ein ideell organisasjon som tek sikte på å jamna ut ubalansen i kven som er synlege i det offentlege rom. Dette gjer dei mellom anna ved å hente inn informasjon frå følgjarane sine og formidle til dømes kvinner med ulik fagkompetanse til journalistar.
I Noreg er Kompetanseformidlingen bygd på same modell.
Yilmaz er oppteken av strukturane i samfunnet, som løftar fram nokre og skuggar over andre. Ho peikar på at alder, kjønn, klasse, funksjonalitet og etnisitet, er faktorar som kan hindra folk i å nå sitt fulle potensial.
– Difor tykkjer me at det er viktig å – i akkurat dette tilfellet – løfta fram fleire kvinner som på noko vis har flytta og utvida grenser, inspirert og forandra samfunnet. Ettersom me veit at dei finst, seier Yilmaz.
LES OGSÅ: Ikkje fleire kvinner i kommunestyra
Positive Norwegian
Dei skandinaviske haleheltane i kampanjen til flyselskapet Norwegian vart i 2012 valt ut av det norske folk gjennom nominasjonar og avstemming.
Storheiter som Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Amalie Skram, HC Andersen, Selma Lagerlöf, Greta Garbo, Piet Hein og Edvard Munch har fått portrettet sitt på ein flyhale.
Kampanjen skapte medieoppslag landet over og heile 250.000 personar stemte på sine favorittkandidatar.
Kommunikasjonsmedarbeidar i Norwegian, Tonje Næss, fortel at dei er klar over at fleire menn enn kvinner er representert, og at dei gjerne vil ha fleire kvinnelege haleheltar i framtida.
– Me synest det er eit positivt initiativ. Me er alltid opne for gode forslag og me vil gjerne ha fleire kvinnelige halehelter på våre fly. Me vil gjerne oppmode alle til å kome med forslag, både på kvinnelige og mannlige halehelter, skriv Næss i ein e-post til Framtida.