Sterk auke i tilskodartalet på verdas einaste nynorske barne- og ungdomsbokfestival.

mm
Faktaboks

Falturiltu feirar ti år til neste år.

Forfattarane og illustratørane som deltok i år var:

Maria Parr, Rune Belsvik, Atle Hansen, Anders Totland, Ingvild Sjo, Berit Rødstøl, Sissel Horndal, Martine Grande, Anna R. Folkestad, Roald Kaldestad, Vegard Markhus, Ragnar Hovland, Tor Arve Røssland, Bente Bratlund, Agnes Ravatn, Eli Fossdal Vaage, Stine Belden Røed, Ingunn Dybendal, Ingunn Røyset, Synnøve Macody Lund, Hans Sande og Odd Nordstoga.

LES FAKTALUKK FAKTA

Kring 5700 store og små deltok på dei mange arrangementa på Falturiltu den siste veka. Det er rekord med god margin og over 40 prosent auke frå året før.

Det betyr at Falturiltu framleis er Noregs største barnebokfestival. Falturiltu har òg passert Dei nynorske festspela i publikum i år, og er dermed den største festivalen som feirar nynorsk kultur.

– Det er heilt enormt bra. No ser me fram til tiårsjubileum i 2016! seier festivalsjef Roald Kaldestad.

LES OGSÅ: Håpar barnebok med vampyrar vil provosera

Nesten alle dei opne arrangementa har vore utselde.

– Det er vanskeleg å trekke fram høgdepunkt frå Falturiltu 2015, for dei magiske opplevingane har stått i kø, men opninga med Fargespill og Maria Parr må nemnast. Ungane frå heile verda lekamleggjorde årets motto, fart og sjølvtillit, fortel Roald Kaldestad.

Sitatet er teke frå boka Tonje Glimmerdal av festivalforfattar Maria Parr, og Parr sine tekstar gjekk som ein raud tråd gjennom festivalen. Ho også var sjølv tilstades nesten heile veka.

Konserten med Odd Nordstoga fekk terningkast seks i Haugesunds Avis, og tidlegare på dagen hadde Nordstoga trollbunde små og store om bord på bokbåten Epos ved Leirvik kai.

Arrangementa som trekte mest folk var i år musikalen Tonje Glimmerdal, laga av studentar ved Høgskulen Stord/Haugesund, konsertane med Fargespill, Odd Nordstoga og Sigvart Dagsland/Maria Parr.Elles var det ei lang rekke skule- og barnehagebesøk, kino, temadagar, utstillingar og faglege seminar. 

LES OGSÅ: Maria Parr: – Tonje Glimmerdal heitte først Tore

Skapte barnebøker på festivalen
– Falturiltu er også svært stolte over årets mange nyskapingar. Blant anna koblarseminaret på Galleri Giga, der forfattarane Agnes Ravatn og Eli Fossdal Vaage og illustratørane Ingunn Dybendal og Stine Belden Røed møttest for første gong for å laga biletbøker.

Seminaret var leia av redaktør i Magikon forlag Svein Størksen og forfattar Per Olav Kaldestad.

– Dette kjem til å bli ein tradisjon, seier han. Forfattarane og illustratørane er allereie godt i gong med kvar sine bøker etter berre nokre få dagar saman på festival.

Agnes Ravatn og Ingunn Dybendal byrja på ei barnebok om kva som skjer når ei heil gate skal på julebord.

Elevar bokbada forfattarar
Svært vellukka var også konseptet 3 forfattarar og 1 band, inspirert av ein opplegg på Litteraturfestivalen på Lillehammer i år, der ungdomsbokforfattarane Tor Arve Røssland, Rune Belsvik og Bente Bratlund blei bokbada av elevar på tre ungdomsskular, held Kaldestad fram.

Det var også musikalsk-litterær turne med Ingunn Røyset og Trio vest, i dei tre kommunane Fitjar, Kvinnherad og Stord, og for første gong samarbeidde Falturiltu med Barnas Turlag, om det nydeleg arrangementet Eventyr og tur(iltu), der rundt hundre små og store gjekk rebusløype med lommelykt før Maria Parr las eventyr inne på Sunnhordland museum.

Elevar frå Stord ungdomsskule fortalde om kva dei hadde gjort på 3 forfattarar og 1 band under formidlingsseminaret Slik som ungdom likar fredagen.

NYHENDEBREV:FÅ SISTE BOKNYTT RETT I INNBOKSEN!

Sjå video frå då Odd Nordstoga vitja bokbåten Epos fredag:

 

Ja ja. Og slik går no dagan. Også på Stord. #falturiltu. Nynorsk barnebokfestival

Posted by Odd Nordstoga on 6. november 2015

og her:

Sjå siste Instagram frå #Falturiltu:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE