Anders Totland (28) debuterer med barnebok om to vampyrar og ein prest som liknar hans eigen far. Han er førebudd på reaksjonar på nattverden i boka.

mm
Faktaboks

Namn: Anders Totland (fødd 1986)
Aktuell: Debuterer med boka «Vampyrane i Eplehagen» på Kapabel forlag
Jobb: Journalist i Sunnhordland
Utdanning: Fagbrev som kokk og bacehelorgrad i samfunns- og utviklingsstudiar

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er var guten min, Emil, som ein kveld spurde om eg ikkje kunne skriva ei historie om bestefar og nokre vampyrar, fortel Anders Totland.

Så då gjorde han som sonen sa.

Boka Vampyrane i Eplehagen handlar om ein prest som liknar Jan Ove Anders Høines Totland, presten som nettopp bur i Eplehagen på Valen i Kvinnherad. Alle karaktertrekka er henta frå han, sjølv om han ikkje syklar i prestekappe og utan hjelm når han skal på jobb i røynda.

Vampyrane luskar etter presten, og blir straks interesserte når presten får blodsmak i munnen av å sykla i oppoverbakkane mot kyrkja.

Boka blei lansert på laurdag under Noregs største barnebokfestival, Falturiltu, på Stord.

LES OGSÅ:Prøver å skremma seg sjølv

Håpar på reaksjonar
I ei scene i boka snik vampyrane seg inn i kyrkja under ei gudsteneste, og då presten held fram kalken og seier: «Dette er blod», hoppar vampyrane ned frå galleriet og grafsar til seg den raude drikka. Blasfemisk, kan kanskje nokon seia.

– Ingenting vil gleda meg meir enn om enkelte kristne miljø vil reagera på boka, seier Totland.

– Kvifor det?

– Det er fleire som treng å bli røska litt i. I alle fall viss dei reagerer. Alle treng å bli utfordra, seier han.

Sjølv har han merka nokre reaksjonar i virket som deltidsorganist, til dømes då han spelte ABBA-hiten «Money, Money» under ein kollektgang i kyrkja.

Han er ikkje den første prestesonen frå Kvinnherad som har provosert. Forfattar og presteson Hans Sande hissa på seg mange med barneboka «Pappa er sjørøvar», som til og med fekk ein offisiell protest frå den israelske ambassaden.

– Eg definerer meg ikkje utifrå kven foreldra mine er, men viss eg blir putta i ei bås, så er det greitt at det kan gi ein posisjon å skriva frå, kommenterer Anders Totland.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Illustrasjon: Nina Flatnes Bratbak

– Andre får ta seg av moralen
Totland har skrive mange små forteljingar som han har lese for sonen som no er seks år og jentene på 1 og 4 år. Han har historier til fleire bøker, og håpar på å få gitt ut ei ungdomsbok til neste år.

– I hovudsak skriv eg for ungane. Men det er ikkje alltid ungane forstår alt som eg synest er løye, seier han.

– Kva er god barnelitteratur, synest du?

– For meg er det det som er god underhaldning for ungane. Men det kan jo tenkjast at den vaksne lesaren held ut lenger viss han òg synest det er gøy. Viss den vaksne kan kjenna seg litt smart, då får òg ungane endå meir.

– Det er alltid nokon som spør om det moralske i barnebøkene, men det synest eg ikkje er viktig. I min familie er det så mange som tar seg av moralen.

I tillegg til prestefaren, har han ei mor; Marit Elisebet Høines Totland, som tidlegare har vore ordførar i Bømlo og statssekretær for KrF.

Korkje som forfattar eller som journalist i lokalavisa Sunnhordland meiner Anders Totland det er hans jobb å ta seg av det moralske.

LES OGSÅ:Maria Parr: – Tonje Glimmerdal heitte først Tore

I grenselandet
– Eg kan ikkje hugsa å ha lese om ein prest i ei barnebok som ikkje er misjonerande. Kva tenkjer du om plassen til tru og tvil og religion i barnebøker?

– Eg kunne godt tenkt meg fleire bøker om tru og tvil. Det kan gjerne vera færre trollmenn og hekser, men meir om det som er i grenseland mellom det folk trur på og rein fiksjon, seier Totland.

Sjølv likar han at ein forfattar som Dan Brown ristar folk ut av komfortsona og set i gang debattar.

– Me kan ikkje heilt avvisa det folk trur på, men me må kunne spøkja med det òg, avsluttar barnebokdebutanten.

NYHENDEBREV:FÅ SISTE BOKNYTT RETT I INNBOKSEN!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE