Må kutte meir CO2

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det anslår FNs miljøprogram (UNEP), som fredag la fram ein rapport om utsleppsmåla.

Måla og andre politiske tiltak dei siste åra representerer ein historisk innsats og ei reell heving av ambisjonsnivået i kampen mot klimaendringane, ifølgje UNEPs leiar Achim Steiner.

– Men dei er ikkje nok til å avgrense den globale temperaturauken til det anbefalte nivået på 2 grader dette hundreåret, understrekar han.

LES OGSÅ: Dårleg debattklima om klima

Skal kutte utsleppa med 40 prosent
Over 150 land har så langt overlevert nasjonale utsleppsmål til FN i forkant av klimatoppmøtet i Paris. Noreg skal saman med EU kutte utsleppa med 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990-nivået.

Også fleire tidlegare berekningar har vist at dei samla utsleppsmåla ikkje er nok til å nå togradarsmålet.