IMDi-direktøren: Realistisk å busetje 18.000

IMDi ber kommunane om å busetje 18.000 flyktningar neste år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) bad i sommar kommunane om å busetje 14.000 flyktningar som har fått opphald i 2016, men talet er no oppjustert på grunn av den sterke auken i flyktningstraumen til Europa.

Blant dei som må busetjast neste år, vil det vere anslagsvis 4.400 einslege mindreårige, ifølgje IMDis berekningar. I sommar låg dette talet på 750 personar.

LES OGSÅ: I Ålesund hamnar nesten alle flyktningane i jobb eller studiar

– Realistisk
Totalt vil det vere behov for busetjing av 18.000 flyktningar.

– Det er mykje, og det vil vere krevjande for den enkelte kommune, seier IMDi-direktør Geir Barvik til NTB.

Han meiner likevel det er realistisk å busetje 4.000 fleire enn tidlegare anslått.

– Med den finansieringa staten har til kommunane, så meiner vi at det er realistisk at kommunane kan seie ja til så mange fleire. Vi bereknar kor mykje av kostnadene tilskota dekkjer, og i snitt ligg dette på 90 prosent. Mange kommunar driv dette arbeidet så effektivt at det ikkje er økonomien som legg avgrensingar, seier han.

LES OGSÅ: Vanskelegare å forsikra asylmottak

Bustader
Utfordringa blir på kort sikt å få tak i nok bustader, seier IMDi-direktøren.

– Då er mobilisering av den folkelege interessa for å tilby og leige ut bustad, å bruke det private marknaden meir enn ein har fått til så langt, veldig viktig. Det er mange private hushald som ønskjer å bidra, og det gjeld å bruke den ressursen. Når det gjeld einslege mindreårige, gjeld det å få fleire fosterfamiliar, seier Barvik.

– Vi kjem til å sende brev til kvar enkelt kommune etter dette møtet og be om at dei behandlar saka innan 31. desember. Vi har tru på at kommunane vil prioritere behandlinga av dette, seier Barvik.

LES OGSÅ: Fryktar over 65.000 asylsøkjarar årleg

21.000
For 2017 har IMDi indikatorar på at det vil bli behov for å busetje minst 21.000 flyktningar, inkludert 3.000 kvoteflyktningar. Barvik påpeiker derimot at det så langt ikkje er eit grunnlag for å gi ei presis oppmoding om busetjing dette året.

I år er kommunane bedt om å busetje 11.185 flyktningar, medan 11.607 er vedtatt busette.

Av dei som er vedtatt busette, hadde totalt 8.262 fått eit stad å bu per 30. oktober. IMDi reknar med at dette talet vil stige til rundt 10.500 ved utgangen av året.