Fryktar over 65.000 asylsøkjarar årleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår alarm: Kan kome 65.000 til Finnmark

På dei fire første dagane denne veka har det komme 719 asylsøkjarar gåande eller syklande over grensa på Storskog i Finnmark. Sidan september har auken vore kraftig, og om tempoet held seg på dette nivået, vil det komme 65.000 asylsøkjarar over grensa frå Russland på eitt år.

– Det kan hende at det stabiliserer seg på dette nivået. Det kan også auke, seier Stein Kristian Hansen, politioverbetjenten som er sjef for grensestasjonen heilt nord i landet, til Klassekampen.

Kapasiteten på Storskog er kritisk. Noreg stengjer grensa klokka 21 kvar dag, men politiet fortset arbeidet med å registrere asylsøkjarar natta gjennom.

– Arbeidspresset har aldri vore i nærleiken av dette. Folka her jobbar døgnet rundt for å ta unna alle som kjem. Det er hardt, men det er vår jobb å sørgje for at folk blir tatt imot på ein skikkeleg måte, seier Hansen.

Med vinteren i anmarsj kan situasjonen på grensestasjonen bli endå meir kritisk, men det kunne vore verre allereie no. I starten av november i fjor var det 20 minusgrader, mens temperaturen no ligg rundt null. (©NPK)