Marie syklar 2000 km for klimaet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg syklar fordi eg har sjukt lyst. Klimakonferansen er den viktigaste diplomatiske samlinga sidan andre verdskrig og det viktigaste spørsmålet for mi framtid.

Grøn Ungdom-politikar Marie Storli har selskap av fleire andre grøne syklistar utanfor Stortinget torsdags morgon.

Siste sjekk på sykkel, hjelm og bagasje vert gjort. Stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, kjem springande forbi løvene for å posere saman med ungdomspolitikarane.

Om litt legg Marie i veg mot Paris. Ho er del av sykkelrittet «Tour de COP»  og skal sykle 2000 kilometer for saka ho brenn for.

LES OGSÅ: Grøn industri – orda som smakar fridom

Oljekutt og klimabistand
I bagasjen har politikaren med seg to politiske bodskap. Grøn Ungdom vil at all olje og gass i Arktis vert liggjande under bakken. Og dei vil at Noreg må forplikte seg til å gje éin klimaprosent av BNI til FNs grøne klimafond i året. Det tilsvarar kring 30 milliardar kroner.

– Vi vil ha ein meir ambisiøs avtale, seier Marie, som er den einaste representanten frå Grøn Ungdom som skal sykle heile vegen til Paris.

Med seg til Gøteborg har ho blant andre John Slinning Jannesson (24), som i 2013 tidlegare har sykla Noreg på langs for å få Miljøpartiet inn på Stortinget. Og der sit Rasmus Hansson den dag i dag.

LES OGSÅ: «Utopi med eit Noreg utan olje og gass i overskodeleg framtid»

Undervegs får dei følgje av andre syklistar, både frå miljøparti i andre land og frå andre organisasjonar.

– Med alle dei spanande folka vi skal møte på vegen, kjem eg ikkje til å slite med motivasjonen, trur Marie.

Saka held fram under biletet.


Grøn Ungdoms Marie Storli får følgje delar av vegen av denne gjengen.

Det umoglege er mogleg
Grøn Ungdom vil sykle til Paris for å markere at politikarane må byrje å handle, og ikkje berre prate.

– Eg syklar for å demonstrere at det tilsynelatande umoglege er innan rekkevidde om ein berre torer å prøve. Som samfunn veit vi kor vi skal, sjølv om vi ikkje veit korleis vegen dit ser ut. Det er ikkje mogleg å finne alle klimaløysingane før vi set i gong med omstillinga.

Sykkelturen skal ta ein månad.

Faktaboks

30. november til 11. desember er det klimatoppmøte i Paris. 

Forhandlingane som vert kalla COP21 er dei 21. i rekkja.