Fryktar ny hybridhummar
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne arten er uønskt i Noreg. Ekstra urovekkjande er det at den eine hummaren har befrukta egg, og analysane viser at ein lokal europeisk hummar er faren. Egga vil dermed utvikle seg til hybridhummar.
Sjuk påverknad
I tillegg til genetisk påverknad, kan amerikansk hummar spreie sjukdom, opplyser instituttet på si nettside tysdag.
Humrane som er undersøkt, er levert inn til Havforskingsinstituttet i Bergen av lokale fiskarar som har lagt merke til at utsjånaden på hummaren dei har fanga skil seg frå det som er vanleg hos europeisk hummar.
Dei to artene er forholdsvis like. Derfor er det nødvendig å bruke DNA-analyse for å få ein sikker identifikasjon. I tillegg til dei to som alt er identifisert, blir det gjort analysar som skal avklare om ein tredje hummar er av den uønskte arten.
– Dei to nye er fiska på Stord og utanfor Flesland. Vi er svært uroa over å ha funne nok ei kryssparring mellom amerikansk og europeisk hummar. Sist gong i Noreg var då «Amanda» blei fanga av oppmerksame fiskarar i Larvik i 2009. I 2014 blei det påvist ei slik kryssparring i Sverige, seier forskar Ann-Lisbeth Agnalt ved Havforskingsinstituttet. (©NPK)