Nasjonale kunstverk tilgjengeleg på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunstskattar til fri bruk på nett

Nasjonalmuseet er det første kunstmuseet i Norden som gjer samlinga si tilgjengeleg for publikum i dette rike omfanget.

LES OGSÅ: Fossil skulekvardag på Tøyen

Fri bruk av Munch
På nye samling.nasjonalmuseet.no kan du no fordjupe deg i kunstfavorittane dine, eller gå på oppdagingsferd og finne nye skattar i samlingane.

Museet har også bestemt å gi alle fotofiler ein såkalla fri ikkje-kommersiell lisens som gjer at bileta kan lastast ned og fritt brukast til ikkje-kommersielle formål (Creative Commons-lisens).

Til dømes er 232 av Edvard Munch-verka til museet no fritt tilgjengelege etter at opphavsretten til verka gjekk ut 1. januar i år. I tillegg er fleire andre høgdepunkt frå museet nypubliserte i høg oppløysing i nettsamlinga. (©NPK)