Vest-Telemark Blad får 470.000 kroner for å bruka Snapchat

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får 470.000 kr for å bruka Snapchat

Direkte på telefonen skal ungdommar i alderen 15-30 år få smakebitar av livet i Vest-Telemark på det språket som høyrer regionen til – nynorsk. 

Slik vonar Vest-Telemark Blad – eller VTB – å fremje kvardagsnynorsken, samt gje dei unge eit tettare forhold til lokalavisa gjennom å vere ein aktiv deltagar i lokalsamfunnet.

Til vanleg brukar ungdom dialekt i sosiale media: – Eg skriv som eg snakkar

– Rom for å bruka humor
Med 470.000 kroner til ei eineståande Snapchat-satsing følgjer lokalavisa i fotspora til store medier som NRK P3, svenske P3 og Stavanger Aftenblad.

– Dersom ein har den rette tankegongen inne så er Snapchat ein veldig direkte måte å kommunisera på. Det er òg stort rom for å bruka humor, noko me er veldig fan av i VTB. Me prøver somme tider på det og lukkast av og til, seier prosjektleiar Randi Berdal Hagen på telefon til Framtida.no.

I likheit med andre medier slit dei med ei målgruppe, som sjeldan les avisa og ikkje er aktive på Facebook. Håpet er at ungdommen skal gå frå å sjå lokalavisa frå stovebordet heime, til å lese ho og på sikt teikna eige abonnement.

Snapchat-journalisten
Tanken er at avisa frå og med mars 2016 skal koma med Snapchat-oppdateringar dag og kveld tre gongar i veka, dei dagane papiravisa kjem ut.

Til det har dei tilsett ein heilt eigen Snapchat-journalist i 60 prosent stilling.

22 år gamle Line Omland Eilevstjønn frå Åmot går rett frå stillinga som nynorskpraktikant i NRK, til den nyoppretta stillinga i heimfylket Telemark.

– Dette er eit nytt format, og eg er kjempeheldig som har fått tilbod om å prøve meg. Som nyutdanna journalist hadde eg ikkje rekna med å kunne få ein så stilig, framtidsretta og relevant jobb i heimtraktene mine, skriv journalistpraktikanten i ein e-post til Framtida.no.

Personleg er ho fan av mediet Snapchat, som ho skildrar som lågterskel, kjapt og morosamt.

– Rett og slett eit genialt sosialt medium med ufatteleg stort potensial, meiner Eilevstjønn, som likevel trur det vert utfordrande å finna forma på den nye plattforma.

Ho ser for seg at Snapchat-nyheiter er ein god kanal for å møta ungdommen der dei er – anten det er på Blindern i Oslo eller millionbyen Sydney. Mobilen er jo alltid med, dermed kan unge få nyheiter nærast i sanntid og ”vere med” gjennom bilete og video.

– Eg har trua på at Snapchat er ei meir tiltalande innpakking. Det er verda til ungdommane. Og no skal den forhåpentlegvis fyllast med nyheiter. Ungdomen frå Vest-Telemark er ute og opplever verda no, og korte oppdateringar frå heimtraktene på eit sosialt medium dei kjenner godt er gull verdt. På seg sjølv kjenner ein andre, og eg lengta bestandig tilbake til Vest-Telemark kvar gong eg såg bilete og video derfrå i studietida, meiner Eilevstjønn, som òg håpar å lokke nokre lesarar til nett eller papir.

Tek ungdom på alvor
Oppskrifta på å nå unge lesarar er like enkel, som ho er vanskeleg: Det handlar om å skrive om ting som er relevante for dei og å møte ungdommen der dei er.

Det er dette VTB no vil ta på alvor.

– Det er ikkje slik at me skal vera så innmari kule. Det slår alltid feil. Det har ingenting for seg, og er noko eg trur me har klart å styra unna til no. Det handlar om å ta målgruppa på alvor, forklarar prosjektleiar Berdal Hagen.

Ho håpar at ungdommen tykkjer satsinga er så artig, at dei vil følgje med og sjå dei fleste oppdateringane på Snapchat-storyen.

Lurt trekk
To av tre nordmenn i alderen 18-29 år bruker Snapchat, som i dag er det nest største sosiale mediet i Noreg.

SINTEF-forskar Petter Bae Brandtzæg tykkjer difor at satsinga er ein god idé.

– Det kjem stadig nye aktørar, som konkurrerer med dei tradisjonelle nyheitskanalane. Ta til dømes amerikanske AJ+, som kom heilt frå sidelinja og har vorte kjempepopulært fordi dei har skjønt kva generasjon dei har med å gjere. Tradisjonelle media må kasta seg rundt og tilpasse seg denne generasjonen, elles er det andre som gjer det, meiner Brandtzæg, som har forska på bruk av nye sosiale media.

Nemnde AJ+ har på kort tid fått over ein million følgjarar på Facebook. Styrken deira på Snapchat er ifølgje Brandtzæg at dei på ein smart og elegant måte lukkast med å komprimere historier til små flater, som kan lesast visuelt på ein mobilskjerm. Det er maksimalt med informasjon i ein kort videosnutt.

– Det passer til ein generasjon som ønskjer å få nyheiter som ikkje krev all verda, sidan dei ikkje likar å lese og har kort merksemdstid, forklarar forskaren.

Fallgruvene
Han trur plattforma og kan eigna seg for lokale nyheiter, men rår aviser som vil satsa i nye kanalar til å tenkja nøye igjennom kva avis dei er.

Fallgruvene meiner han er at det berre vert oppfatta som mas og noko inntrengjar-aktig, som reklame.

Prosjektleiar Randi Berdal Hagen, ser nokre ulemper med Snapchat-formidling, der mykje av detaljane kan forsvinna i ein kanal som er tilpassa dei kjappe overskriftene.

Både ho og Brandtzæg peikar på aldrande lokalavisjournalistar, som ei av dei største utfordringane med å få stoff ungdommen identifiserer seg med.

Men det er heilt klart håp.

– Det er relativt små endringar som skal til. Ein kan invitere til samarbeid og deltaking, og laga saker som dei unge kan identifisera seg med. Med Snapchat kan ein leika seg og laga korte videosnuttar, noko generasjonen som er vekse opp med Youtube er svært fortruleg med.Ser ein på suksess AJ+ har hatt, er det ikkje tvil om at dette er vegen å gå for å nå ungdommen. Det fine er då at ein kan nå ut til ei gruppe som ikkje les nyheiter i utgangspunktet, avsluttar Brandtzæg.

Framtida.no får også pengar – framover får du sjå meir forskingsjournalistikk her