Unni Lundell sin nyaste roman er for dårleg for Kulturrådet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dårleg for Kulturrådet

NTB melder at Kulturrådet har vald å "nulla" den nyaste krimromanen til Unni Lindell. Boka heiter Brudekisten, og har karakteren Cato Isaksen i hovudrolla – ein av dei store suksessane til Lindell, som til saman har selt krimbøker for ein halv milliard kroner.

At boka blir nulla, betyr at den ikkje blir omfatta av innkjøpsordninga til Kulturrådet. Boka vil med andre ord ikkje bli kjøpt inn til alle biblioteka i landet.

I Kulturrådet si grunngjeving heiter det at «den ikkje har tilstrekkeleg litterær kvalitet til å komma inn under innkjøpsordninga».

Det er første gong det skjer med ei av Cato Isaksen-bøkene til Lindell.

Er krim like bra – eller kanskje betre – på nynorsk? Forfattarduoen Kroken & Kolden drep aldri nokon dei kjenner.