Thorild Widvey: Vil sponsa bokmesse med fiskepengar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal fisk sponsa bøker?

Det er bokmessa i Frankfurt i 2019 som er målet for fiskepengane kulturminister Thorild Widvey (H) vil bruka. Ho vil at Noreg skal bli hovudland på den prestisjetunge messa, og foreslår å finansiera deler sponsinga med pengar frå fiskerinæringa og energifeltet, medan resten av summen skal komma frå private aktørar. Det skriv Dagbladet.

Senteret for norsk litteratur i utlandet, NORLA, som har vore pådrivar for å gjere Noreg til hovudland, reknar med at det trengst 55 millionar kroner for å realisere prosjektet. Kulturminister Thorhild Widvey (H) foreslår å løyve 25 millionar kroner. Den endelege summen blir fastsett i Stortinget.

– No veit næringslivet at staten stiller seg bak forslaget, og det betyr at det er lettare å få næringslivet med, seier Widvey til avisa.

Assisterande direktør Svein Ove Haugland i Norges Råfisklag synest det er overraskande at kulturministeren ønskjer fiskerinæringa med på spleiselaget. Han kallar ideen frisk, men førebels lite sannsynleg.

Bokmessa i Frankfurt er den største i verda. Kvart år har messa eit hovudland som får ein eigen paviljong og ekstra promotering. (©NPK)