Vil sjekka kvaliteten på norske opplevingar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire reiselivsklynger og næringsorganisasjonen Hanen samarbeider no om eit prosjekt der målet er å få til ei nasjonal sertifiseringsordning og eit tilhøyrande kvalitetsstempel for opplevingsverksemder. Tanken er at verksemdene ved å oppfylle krav på ulike område får eit synleg kvalitetsmerke som kundane kan kjenne att.

– Det har vore eit ønske frå ein del bedrifter i reiselivsnæringa å få eit meir overordna system, fortel Trond Amland i NCE Tourism. NCE Tourism er ei innovasjonssatsing knytt til reiselivsklynga på Vestlandet og leier forprosjektet i satsinga.

Kvalitet i alle ledd

Kvalitetssystemet vil rette seg mot verksemder som tilbyr opplevingar og aktivitetar som til dømes vandring, hundekøyring, sykling og kajakk, men også mot museum og attraksjonar.

– Aktivitetar og opplevingar blir meir og meir etterspurt. Å vere leverandør av opplevingar og aktivitetar inneber eit visst element av risiko. Ved å ha eit system bedriftene følgjer, kan ein unngå uhell og uheldige episodar, seier Amland.

Merkeordninga vil ikkje berre synleggjere at verksemdene har oppfylt tryggingskrav, men stille krav til kvalitet i alle ledd.

– Tanken er at systemet tek inn i seg heile spekteret, som krav til språk, service og informasjon. Heile leveransen skal ha god kvalitet frå A til Å, seier Amland.

– Veldig viktig

Aktivitetsbedrifta Northern Exposure som held til på Syltøy vest for Bergen og tilbyr aktivitetar i Noreg, på Grønland og i England, er ei av bedriftene som helsar eit nasjonalt kvalitetssystem velkomme.

– Dette er veldig viktig å få på plass, seier Kyrre Flotve i Northern Exposure.

– Det er gjort ein massiv jobb i norsk reiseliv for å vise fram landet for utanlandske turistar, men ikkje med å sikre kvaliteten i det som blir tilbydd, meiner han.

Flotve viser til at folk via nett kan finne fram til kva meiningar andre reisande har om ulike tilbod, men at ei nasjonalt ordning med fastsette kriterium vil gjere det lettare å ta fornuftige val.

– Problemet med brukarstyrt informasjon, er at det er heilt subjektivt. Det er ikkje eit kvalitetssikringssystem, men eit personlege opplevingar-system, seier han.

– Skilje mellom seriøse og useriøse

Flotve meiner eit kvalitetssystem vil gjere det enklare å skilje mellom seriøse og mindre seriøse aktørar i bransjen. For dei som driv seriøst ligg det mykje arbeid bak ei oppleving, men det er ikkje alltid så lett for kunden å sjå, påpeiker han.

– Ein kunde som ser etter ein aktivitet ser gjerne i rekkjefølgja aktivitet, lokasjon, pris. At drifta er innanfor det eg personleg meiner burde vore bransjestandard er særs vanskeleg å finne ut av, opplyser Flotve.

Han viser til at tiltaka dei profesjonelle aktørane tek i bruk for å sikre kvalitet og tryggleik kan dreie seg om utdanning av guidar og instruktørar, å følgje krav frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og frå bransjen elles, å vere engasjert i lokalsamfunnet eller å drive berekraftig.

Eit kvalitetssikringssystem vil gjere slike faktorar meir synlege for kunden enn dei er i dag, meiner Flotve.

– God respons

Målet er at merkeordninga skal vere på plass innan utgangen av 2017. Klyngene har fram til no utarbeidd eit forprosjekt med støtte frå Innovasjon Noreg, der dei mellom anna har vurdert driftsmodellar, eigarform og finansiering.

– No skal vi over i hovudprosjektet. Responsen frå næringa og styresmaktene har vore god, og vi vil no utarbeide meir konkret korleis systemet skal sjå ut, seier Trond Amland.

I utarbeidinga av systemet hentar reiselivsklyngene inspirasjon frå liknande kvalitetsordningar i reiselivsnæringa på Island, i Sverige og Skottland. Prosjektleiinga trur systemet kan bidra til å auke lønnsemda i bedriftene som blir med.

– Dei fleste andre land i Europa har slike system. Det er gjort forsking og undersøkingar knytt til lønnsemd, og fleire rapportar har vist til målingar gjort før og etter innføring av slike system. God kvalitet i alle ledd fører til betre omtale av bedriftene, som igjen har ført til auka lønnsemd, fortel Trond Amland. (©NPK)