– Som om Bergen skulle fått 20.000 flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som om Bergen skulle fått 20.000 til

Den store auken i talet på flyktningar er i ferd med å skapa problem for fleire små kommunar på Vestlandet. Ordførar i Jølster Oddmund Klakegg (Sp) meiner dei store byane må ta meir ansvar.

– Skulle Bergen teke mot like mange som Jølster ut frå folketalet, så ville det blitt 20.000. Vi er rett og slett ikkje robuste nok til å handtera fleire flyktningar og asylsøkjarar, og dette må difor bli ei utfordring for dei store og robuste kommunane, seier Klakegg til Bergens Tidende.

Jølster er ifølgje avisa ein av dei kommunane som tek imot flest flyktningar og asylsøkjarar. Kommunen, som tel 3.000 innbyggjarar, har to asylmottak. Dei fire neste åra er dei i tillegg bedne om å busetja ytterlegare femti flyktningar. Den store flyktningpågangen gjer at dette talet er venta å auka vesentleg.

– Med dei signala vi har fått om auka plassar på asylmottaka og krav om auka busetjing, kjem flyktningar og asylsøkjarar til å utgjera over 7 prosent av befolkninga i kommunen vår, seier ordføraren.

Han meiner dette er mange fleire enn det nokon bykommune kan visa til.

Etterlyser betre tilrettelegging
Også fleire andre vestlandskommunar er urolege for korleis dei skal greia å ta imot dei mange flyktningane dei blir bedne om å busetja.

– Det går så fort at vi er bekymra for om ein har kontroll. Skal vi få dette til i det tempoet som rår, så må ein involvera kommunane betre. Ein må ha ei felles forståing. Og så må det leggjast pengar på bordet, seier ordføraren i Stryn, Sven Flo (H), som denne veka fekk beskjed om at UDI vil oppretta asylmottak i kommunen.

Assisterande regiondirektør Halwan Ibrahim i Integrerings– og manfaldsdirektoratet (IMDI) rosar kommunane på Vestlandet for ein «formidabel innsats» med flyktningar og asylsøkjarar dei siste åra. Dei tre siste åra er talet på busette flyktningar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane meir enn dobla frå 1.014 til 2.122.

Krevjande å skaffa bustader
Fleire kommunar BT har vore i kontakt med seier dei no arbeider på spreng for å takla den store pågangen av flyktningar. Rådmannen i Bremanger, Tom Joensen, kallar situasjonen utfordrande. Han viser til at kommunen har busett sytti flyktningar dei siste åra, men at det no er krevjande å skaffa nok bustader.

Ordføraren i Kvinnherad Synnøve Solbakken meiner derimot kommunen har gode moglegheiter til å ta imot fleire flyktningar. (©NPK)