Jostein Avdem Fretland og Fredrik Høstaker synest det er viktig å gjere noko i heimfylket, for å gje noko tilbake. Høyr podcast her!

mm
Faktaboks

Fredrik Høstaker er utdanna på Bårdar Akademiet i Oslo, og har sidan det spela i ei rekkje ulike oppsetjingar kring heile landet, frå Shakespeares Ein medtsåmmårnattsdrøm på Stiklestad til Eugene i Grease og Trille i Vaffelhjarte på Haugesund Teater. Han spela Hans i fjorårets oppsetjing av Kjærleikens ferjereiser på Sogn og Fjordane teater. Høstaker har hovudrolla som «Guten» i Kom heimatt, gut!

Jostein Avdem Fretland har ein master i komposisjon frå Goldsmiths College, University of London. Han har sidan 2011 gjeve ut elektronisk musikk under artistnamnet fivrel, og er tilknytt det engelske samtidsmusikklabelet Demerara Records. Han har òg drive med kunstnarlege prosjekt i fleire andre disiplinar: I 2013 gav han ut romanen «& me skal bli omskapte», saman med Mariell Øyre, og året etter gjendikta han haustproduksjonen til Opera Nordfjord, I puritani, til nynorsk (Søner av sola). I 2017 skal hans fyrste originallibretto setjast opp på Opera Nordfjord, med musikk av komponist Helge Sunde. Fretland har rolla som «Pianisten» i Kom heimatt, gut!

Produsent Mariell Øyre er innehavaren av den kjende bloggen Hjartesmil, ofte omtala som «verdas største nynorskblogg». I tillegg er ho fotograf og forfattar, og har det siste halvåret markert seg med sin eigen podkast, Mariell og Sara, som ho gjev ut saman med Sara Berntsen.

LES FAKTALUKK FAKTA

«Kom heimatt, gut!» er ein uvanleg urpremiere i Sogn og Fjordane, med heilt nye både songar og tekstar – alt skrive av dei to unge utøvarar, som båe har budd utanfor fylket sidan 2009.

Forestillinga tek for seg historia om ein ung mann som legg ut på ein siste tur til bygda der han vaks opp, og er skriven og framført av skodespelar Fredrik Høstaker og komponist Jostein Avdem Fretland, frå høvesvis Førde og Lærdal.

– Eg trur det er viktig å gjere noko konkret på heimplassen sin, for å gje noko tilbake, seier Høstaker og held fram:

– Ein kan ikkje berre vere sånn «Å ja, han er herifrå, vi er så stolte av han, men han vil ikkje kome tilbake og gjere noko for oss!».

LES OGSÅ: Frå fjorden til metropolen

Innmari frigjerande
Jostein Avdem Fretland (bildet) seier til Framtida.no at han synest det er frykteleg spennande og heilt annleis enn nesten alt han har gjort før.

– Eg tende med éin gong på idéen til Fredrik, fordi det er så fin parallell mellom handlinga i stykket og metaperspektivet vårt på produksjonen; det at han og eg tek med oss alt me har lært ute i verda, kjem heim og lagar førestilling i Sogn og Fjordane. Og så er det ei utruleg interessant utfordring å laga eit variert og godt stykke med så strenge rammer: ein songar, éin pianist og eit ørlite produksjonsbudsjett. Det tvingar oss til å vera vanvitig fokuserte og nøyaktige med alt me gjer, seier Jostein Avdem Fretland.

Sjølv bur han i London, medan Fredrik Høstaker bur i Oslo.

– Det krev streng disiplin frå båe når me er vekke frå kvarandre og stor effektivitet når me er saman. Me skal ha oss to konsentrerte veker i Lærdal før premiera; vonleg blir det meste av slark fanga opp då. 

Førestillinga bestemte dei seg for at dei ville gjera heilt på eiga hand.

– Det er innmari frigjerande å vera våre eigne sjefar på denne måten. Me har ingen å svara for eller å skulde på; alt er opp til oss.

LES OGSÅ: Lagar samtidsmusikk for vanlege folk

Lagar podcast
Fram mot premieren vil dei laga ein podkast som tar for seg ulike emne knytt til både tematikken og sjølve produksjonen.

I den fyrste episoden pratar dei med produsent Mariell Øyre om mellom anna bakgrunnen for verket, forholdet til heimstadene og korleis ein opplever det å spele teater for berre sju frammøtte i Flora samfunnshus.

Podkasten skal kome med ny episode kvar veke fram mot urpremiera på Åmot Operagard den 29. november, og vil ta for seg ulike emne knytt til både tematikken og sjølve produksjonen.

Elles blir det førestilling i Balestrand 4. desember og Lærdal 7. desember. Og går alt etter planen blir det òg ei førestilling på Sandane og ei i Nordfjord.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE