Foreldre organiserer seg mot lekser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er eit oppgjer med ein tradisjon som har vist seg å ha veldig liten effekt, seier initiativtakar Roger Sjursen til NRK. Både effekten av lekser og om barna skal sleppe å ta med seg skulearbeidet heim blir stadig debattert, og kampanjen «Leksefri familie» er det seinaste bidraget. Målet er at foreldre skal bestemme seg for å bli nettopp ein leksefri familie og så informere skolen om at dei ikkje vil at barna skal ha lekser.

LES OGSÅ:Gutane får dårlegare karakterar av lekser

Sjursen har rekna på tidsbruk på lekser og komme fram til at ein time per dag i ti skuleår begynner å nærme seg eit heilt årsverk, nærare bestemt 1.520 timar.

– Kva driver dei eigentleg med, dersom dette ikkje fungere, spør han. Kampanjen viser til at det ikkje finst noka lov som seier at ein må gjere lekser, men Fylkesmannen i Rogaland seier det ikkje er det same som at lekser er frivillig.

– Det er lagt til grunn at det er skulen som bestemmer om det skal vere lekser. Det er ikkje opp til kvar enkelt elev, forklarar utdanningsdirektør Sølvi Ona Gjul hos Fylkesmannen i Rogaland. (©NPK)

LES OGSÅ: Droppa leksene – fekk rekordhøge karakterar