«Skrekken var at han skulle kjenne seg latterleg i senga»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Lettare å vise at ein har lyst på sex

I researchen til boka Slipp Hold, vart det tidleg klart for Heidi Sævareid at ho ikkje kunne skildre såkalla suspension utan å prøve sjølv. Sidan har ho hengt frå taket med krokar gjennom huda seks gongar.

Men det er ikkje den uvanlege hobbyen boka hennar først og fremst handlar om.

Sex og grenser
I Slipp Hold møter lesaren Mari og kjærasten Torger. Han er litt for oppteken av kvar han har henne. Etter kvart møter Mari spanande August, som vil hjelpe henne å nå nye høgder, bokstavleg tala.

Vi følgjer Mari i utforskinga av suspension-miljøet i Oslo. Eit av temaa som er sentralt i boka er grensesetjing, både i møte med suspension og i forholdet mellom Mari og mennene hennar.

– Ein kan faktisk lære ein del frå suspension om grenser. I desse miljøa er ein heilt avhengig av å forhandle om alle detaljar, og seie frå kvar grensene går, elles går det gale, seier Sævareid.

Ho meiner ein bør ta med dei same forhandlingane på soverommet.

– Det er naturleg å vere sjenert om sex, og det er ikkje noko mål å snakke med heile verda om kva ein gjer på soverommet. Men ein må snakke med den personen som er med på soverommet.

LES OGSÅ: Her er namnet på kvinneleg onani

Dei vanskelege gråsonene
På eit tidspunkt i boka skildrar forfattaren ei kjip sexscene mellom Torger og Mari. Scena er ambivalent, og for lesaren er det ikkje klårt kva Mari vil i situasjonen.

– Nokre vil utan tvil lese scena som ei valdtekt. Andre vil ikkje det. Nokon meiner at ein ikkje skal seie at der finst gråsoner når det kjem til valdtekt. Eg meiner at det på ein måte finst gråsoner, sjølv om eg vil streke under kor gale det er å tråkke over nokon sine grenser. Det finst situasjonar der ingen veit heilt kva som har skjedd, også dei involverte.

Sævareid veit kva ho snakkar om.Ho har tidlegare omtala valdtekta ho vart utsatt for her på Framtida.no.

– Ein må aldri leggje skulda på offeret. Poenget er at ein må skjøne kva eit nei er og respektere når nokon seier nei. Men for å kjenne att eit nei hos andre og hos seg sjølv, må ein vere klar over kva eit «ja» er, seier ho.

Ho doserer forklaringa av kva «ja» er i teskei-storleik:

– Det motsatte av «nei» er ikkje eit fråver av nei. Det er eit entusiastisk «ja». Samtykkje er altså ikkje det same som å berre la noko skje.

Ho håpar scena i boka skal setje i gong nokre tankar hos lesaren.

– Eg veit ikkje heilt kva som skjer i situasjonen i boka. Eg vil at denne usikkerheita skal vere der, og at det skal vere ei ubehageleg scene, seier Sævareid.

Les også om Linda som laga film om valdtekta.

Ordlause sexvanskar
Forfattaren trur mange tenkjer at kommunikasjonen på det seksuelle planet skal vere ordlaus.

Det handlar ikkje berre om sjenanse, men også om å ha eit språk å bruke til å snakke om sex. I boka er Mari meir seksuelt avansert enn Torger. Ho kjeder seg i sexlivet deira, men han ser det ikkje og ho seier ikkje ifrå.

– Ungdom får ofte høyre at sex er vanskeleg for dei, men sex er vanskeleg heile livet. Nokre ting vert enklare, men det er vanleg å bli usikker på kva ein kan seie frå om kva ein kan krevje.

Ho trur det har blitt lettare å vise at ein faktisk har lyst på sex, også for jenter.

– Mari har ikkje eit velutvikla språk for å snakke om sexlivet sitt. Det trur eg er vanlegare hos ein 19-åring enn ein 49-åring, og forhåpentlegvis lærer ein, seier Sævareid.

LES OGSÅ: Ønskjer seg meir realistisk sex

Å ikkje dumme ut andre
Sjølv om ein har lov å ha lyst, trur Sævareid likevel at mange unge jenter har vanskar med å seie frå om kva dei treng seksuelt.

Det kan gjere at ein opplever situasjonar der ein skulle ønske at ein hadde sagt noko i ettertid. Mari opplever det i boka. Sævareid har opplevd det i røynda.

– I starten av tjueåra var eg veldig oppteken av å vise omsyn til den eg hadde sex med. Viss han gjorde noko feil, så var det viktigaste at han ikkje skulle føle seg dum. Skrekken var at han skulle merke kor utruleg mykje han bomma.

Sævareid fortel at ho fleire gongar let partnaren tru at det han gjorde funka, når det eigentleg ikkje gjorde det.

– Det same gjer Mari i boka – ho vil ikkje at han skal vite at han er på bærtur. For då vil han falle saman som ein latterleg figur. Det er typisk at mange gjer det, og let partnaren halde fram i god tru. Det er ganske destruktivt.

LES OGSÅ: Alle fitter er like fine

Oppløftande krokar
Det som derimot ikkje er destruktivt er å stikke ti krokar gjennom huda og bli heisa opp til taket. I alle fall ifølgje forfattaren:

– Folk blir lett opprørt over suspension, fordi det ser sjølvdestruktivt ut. Ein kan kanskje ikkje forstå kvifor nokon gjer dette frivillig. Eg skjøner det godt, det ser dramatisk ut. Men det handlar ikkje om å skade seg sjølv. Det gjer vondt, men ein tolkar det ikkje som vanleg smerte. Det er smerter utan frykt, seier ho.

I boka har ho forsøkt å skildre miljøet slik ho opplevde det. I retur har ho mellom anna fått skuldingar om å skape «litt sterk hallelujastemning» rundt suspension.

– Eg trur ikkje dei ville sagt det same om handballmiljøet. Eg trur mange ventar at suspension-miljøet skal vere litt skummelt, men det er det rett og slett ikkje, ler Sævareid.

Saka held fram under biletet.


Heidi byrja med suspension som research til hennar siste bok, «Slipp Hold». Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg.

LES OGSÅ: Kjærleik er ikkje lettare på nett

For henne personleg handlar det om fridom og å vere tilstades.

– Når ein held på, så kan ein ikkje tenkje på andre ting. Ein får kvile. Det er ei slags øving i å vere tilstades og i å stole på andre. Ein er friteken for planlegging, og å ha kontroll, og må overgi seg heilt til augeblinken. Det gir ei fridomskjensle.

Første gong ho gjorde suspension, var det som research til boka. Så vart ho hekta (…).

– Då eg grua meg første gong tenkte eg: «om nokre timar er eg ferdig». Så likte eg det betre enn eg hadde trudd. Eg vart fascinert med det same.

Ukjent, men likevel kjent
Både som forfattar og som privatperson har Sævareid altså erfaring i å eksperimentere med grenser.

Ho trur ein kan finne sine grenser ved å søke etter det kjente i det ukjente.

– Eit stikkord er å kjenne etter om det nye ein prøver heng saman med noko ein har tenkt tidlegare. Ein kan gjere heilt nye ting, men har det samanheng med noko som er der frå før? Magekjensla er ein ganske god indikator.

Sjølv var ho redd for nåler og har alltid vore pysete, forklarar ho.

– Likevel er suspension fullstendig i tråd med min person, eg har alltid søkt mot spesielle og ekstreme opplevingar. Då kjenner eg att noko i meg sjølv, og det trur eg er nøkkelen.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut