Er han Noregs mest munnrappe?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag la rapduen  Kløver og Skarre R ut ein musikkvideo, som har teke av på Facebook. Til no har videoen nesten 500 delingar og nærare 80.000 visningar.

På under to minutt kjem ekstreme mengder ord frå vestlandsrapparen.

TEST DEG SJØLV: Skjønar du strileorda?

– Eg sat og skreiv kva eg følte akkurat der og då. I helga var me hjå managmentet vårt, og då føreslo manager Jørgen Bertelsen at me måtte laga ein spontanvideo av songen. Me hadde berre eit par rundar fordi me hadde lite batteri på videokameraet, sa Daniel «Skarre R» Wiig Andersen til Bergensavisen, som først omtala videoen.

Ifølgje rapparen sjølv var det å få pusta innimellom den største tekniske utfordringa.

– Det er utruleg vanskeleg å rappa på norsk, og spesielt på bergensk. Dette var heilt klart ei utruleg utfordring. Då er det gøy å få slike tilbakemeldingar, seier Skarre R, som nesten ikkje trudde sine eigne augo, då han såg responsen.

Allereie no varslar rapparen frå Frekhaug utfor Bergen at makker Kris Andre «Kløver»  Drageset vil koma med ein liknande video.

Då spørs det om han er like rask som makkeren sin.

Sjå videoen her: