Spår «fimbulvinter»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amerikanske langtidsmeteorologar spår ekstremkulde i Nord-Europa og hyppige stormar på Den franske rivieraen. Det er vêrfenomenet El Niño i Stillehavet som får litt av skulda for at vinteren kan bli særleg hard, skriv Bergens Tidende.

– Kald luft frå Skandinavia kjem til å syte for snø ved Middelhavet, fortel Accu Weather, som leverer vêrvarsel til heile verda.

Kjernen til kulda i Europa vil byggje seg opp over Skandinavia og forplante seg sørover. I første halvdel av vinteren vil det vere korte periodar med ekstremkulde, men så blir det verre.

LES OGSÅ:Derfor blir du forkjølt i kulda

– Det er El Niño-år i år og då blir det ofte tørre og kalde vintrar, men om det blir så ekstremt som amerikanarane hevdar veit eg ikkje, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli hos Vêrvarslinga på Vestlandet til BT.

– Eg trur ikkje vi her i Noreg skal stresse så altfor mykjer med kulde, men i Russland kan det godt hende det blir kaldt. El Niño påverkar heile jordkloden.

El Niño er eit globalt fenomen som oppstår i havet og atmosfæren. Det blir store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. Det varme vatnet, og dermed den varme lufta som El Niño fører med seg, fører til torevêr og auka nedbør i Stillehavet. (©NPK)

LES OGSÅ: Stjerneskota avslører kald vinter