Kjell Bengtsen og Reidar Marstein har tidlegare rekonstruert ei 1300 år gamal ski. Det er ingenting mot det dei driv med nå.

Vigdis Kroken, Fjuken.no
Vigdis Kroken, Fjuken.no

Nå blir skia rekonstruert. Det skal lagast to par, eit oppdrag Kjell Bengtsen og Reidar Marstein har teke på seg. Denne gongen har dei til og med med seg ein skinngarvar på laget. Sofie Kleppe, som er busett i Vågå og som nyleg har etablert verksemda Jutulskinn, fortel at ho har fått midlar frå Innovasjon Norge for å finne ut kva type skinn forfedrane våre brukte under skia. Var det elg? Hjort? Hest? Eller sel, kanskje? Forfedrane våre hadde kontakt med folk langs kysten, så det er slett ikkje umogleg.

LES OGSÅ: Kan du over 100-skiord?

– Nå, medan det er jakttid, håpar eg ottadølane kan hjelpe meg med å få tak i skinn frå elg og hjort. Det er skinnet på føtene eg er interessert i, helst så heile og lange skinn som råd. Ta kontakt dersom du kan hjelpe, ber Sofie Kleppe.

Når skia er ferdige – og når skinna er ferdig preparerte som feller – skal prosjektet presenterast og synast fram på Skifestivalen i Lom, som skal gå føre seg frå 12. til 15. november. Før den tid skal Dag Inge Bakke prøvekøyre skia, med dei ulike fellene under. Kva type skinn fungerer best? Det håpar dei å få svar på.

LES OGSÅ: Jenter som flyg – dei første kvinnelege skihopparane

Mai Bakken i Norsk fjellmuseum fortel at den originale skia er utstilt hjå dei.

– Det er ingen tvil om at forfedrane våre brukte skinn under skia for 2700 år sidan. Langs kantane på den originale skia er det små hol. Det er på det viset dei har fått sydd fast skinnet, fortel Mai Bakken. Ho er spent på å høyre kva konklusjonar Sofie Kleppe, Kjell Bengtsen og Reidar Marstein kjem fram til.

Den 2700 år gamle skia ser ut som ei lang truge, er brei på form og ganske stutt, om lag ein meter.

– Skia ser ut som ei truge og vil nok fungere godt i oppoverbakkar. Samstundes er skia såpass lang at ho vil fungere godt i nedoverbakkar. Og den som trur at feller er ei ganske ny oppfinning, kan berre tru om att, skrattar Reidar Marstein, som saman med Kjell Bengsten stortrivst med oppdraget dei har teke på seg.

Les saka i Fjuken!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE