«Eg har fått beskjed om å ta på meg slips, sidan eg skal møta FNs klimasjef»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Ho er ikkje nokon kven som helst»

Framtida møter den unge, dresskledde, sunnmøringen utfor Stortinget, ti minutts gange frå det som skal vere kontoret hans i dag.

I dag skal nemleg Hans Olav Romestrand (21) frå Barstadvika i Ørsta få oppleva korleis det er å vera leiar for Norges rederiforbund.

Sikkerheit til sjøs
Den relativt ferske skipsingeniøren, som no studerer økonomi og leiing ved Høgskulen i Ålesund, er ein av 30 ungdommar som er valt ut til å verte «Leiar for ein dag».

I år er trettande året at Ungt Entrepenørskap og ManpowerGroup inviterer unge lovande gründerar med for å følgja ein av Noregs toppleiarar gjennom ein arbeidsdag.

21-åringen frå Barstadvika i Ørsta har utmerka seg som leiar av studentbedrifta Seaguard.

Dei er seks personar som jobbar saman for å utvikla teknologi som loggførar kvar mannskapet på båten til ei kvar tid befinn seg. Dette kan vere spesielt nyttig ved brann eller andre nødssituasjonar, som kan oppstå på eit skip.

Å få systema godkjent er kostbart, men gründeren ser lyst på framtida takka vere eit godt samarbeid med Ulstein Group, som ligg i nærområdet.

LES OGSÅ: Rikard (19) fekk møta Melinda Gates

Ei mektig dame
Med ein slik bakgrunn er ikkje leiartalentet så reint lite nøgd med å få følgja etter direktør i Rederiforbundet, Sturla Henriksen, ein heil dag.

Og det er ikkje ein kva som helst dag 21-åringen får innblikk i.

På programmet står nemleg eit topphemmeleg møte med eit av verdas største reiarlag innan bilfrakt.

I tillegg skal organisasjonen bli einige om sine innspel til finanskomiteen om det nye statsbudsjettet.

Og så er det høgdepunktet: Møtet med Christiana Figueres, FNs klimasjef, som i desember i år skal samla verdas toppleiarar i Paris for å peika ut framtidas klimapolitikk.

Som Sturla Henriksen seier: «Ho er ikkje nokon kven som helst.»

LES OGSÅ: Røkke og 19-åring rikast i landet

 
Mediegrafikarlærling Anne Marie Edvardsen får sjå korleis Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og resten av teamet arbeider.

Varierte opplevingar
Men Hans Olav er ikkje åleine om å oppleva store ting denne onsdagen. Ein 18-åring får følgja kronprinsen, ei følgjer Arbeiderpartiets Hadia Tajik, medan ein får sjå korleis kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har det på jobb.

Anne Marie Edvardsen (18) har reist heilt frå Bodø for å vera med Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke i Oslo.

– Sidan dei designar klede har eg tenkt: Kva skal eg ha på meg? medgjev Edvardsen, som sjølv er lærling i mediegrafikarfaget.

18-åringen utmerkte seg i fjor som leiar av designbedrifta Plakateriet.

Difor har ho i dag fått vere med ein entusiastisk Simen Staalnacke på andre sida av bordet på eit jobbintervju, fått vere med å velje ut Moods-antrekk til tilsette i ein restaurant og ikkje minst sett korleis dei fargerike kleda ser ut på teiknebordet.

I kontora over butikken i Hegdehaugsveien i Oslo går det fort i svingane og Anne Marie og sjefen har ein travel dag, før alle ungdommane skal møtast for å snakka om erfaringane sine.

LES OGSÅ: Moods skal promotere norsk kunst i USA

Setet etter Statoil-sjefen
Tilbake i Rådhusgata er kleskoden ein litt anna.

Som interesse- og  arbeidsgjevarorganisasjon for skipsfart og offshore-næringa har Rederiforbundet mykje å ta tak i om dagen. Fallande oljeprisar merkast godt i næringa.

I stolen Hans Olav no sit i, sat Statoil-sjef og sambygding Eldar Sætre for ikkje lenge sidan.

– Så ein kan nå langt, sjølv om ein kjem frå bygda, smilar 21-åringen, som berre er dagar unna å få bedrifta si notert som aksjeselskap.

Sjølv ser han for seg å sitja i ein posisjon som mentor Henriksen, ein gong i framtida.

 
Hans Olav Romestrand fortel meir enn gjerne om studentbedrifta Seaguard, som snart vert aksjeselskap. 

Det grøne skiftet
Over ein kaffikopp går dei gjennom dagens program. Sidan sist har det kome inn intervju med eit kanadisk tv-team og nyheitskanalen Reuters.

Det grøne skiftet står på agendaen. I verdssamanheng er Noreg framleis ein av verdas største skipsfartsnasjonar, sjølv om ein del trur at seglskutetida på 1800-talet var vår storheitstid, forklarar Henriksen.

Bak han på veggen heng eit klassisk seglskutemåleri.

Hans Olav kjenner godt til organisasjonen og har lese seg opp på klimaspørsmåla, for å ikkje berre vere floge på veggen når nye utsleppskutt i skipsnæringa skal diskuterast.

– Eg skjøna ikkje heilt kvifor FN skal blanda seg inn når IMO (International Maritime Organization red. anm.), som er ein FN-organisasjon styrer dette, seier Hans Olav, som meiner den politikken dei fører på klimaområdet er tilstrekkeleg.

Henriksen meiner dette er ein god observasjon.

– Vår bodskap er at skipsfarten skal og vil bidra, men at det er viktig at det skjer gjennom IMO og at ikkje FN på nivået over lagar særreglar for skipsfarten. Det er noko av det viktige me vil oppnå der, slår direktøren for Rederiforbudet fast.

LES OGSÅ: FN: Sviktande avlingar vil gje gigantkostnadar

Innovasjon
Hans Olav Romestrand merkar at det er trongare tider for ingeniørar som han sjølv. Difor har studentbedrifta vore ein god måte å skaffa seg arbeidserfaring på.

Og det er ikkje tvil om at det er ei spanande tid for unge i skipsnæringa.

Han siterer Erna Solberg, som under årets opning av Høgskulen i Ålesund uttala at: «Innovasjon er den nye olja.»

– Hadde berre regjeringa sett av meir enn 40 millionar til grøn innovasjon i skipsfart hadde det sett bra ut, men det er litt mangel på tiltak frå regjeringa si side. Når ein gjev 40 millionar kan ein liksågodt ikkje gje noko, med dei kostnadane som er på skip. Det er mest for å ha det bokført at ein gjev pengar til det, seier Hans Olav, som òg er engasjert i politikk.

Stormfullt på toppen
Toppsjefen har vore med i «Leiar for ein dag» før, og tykkjer det er spanande og inspirerande å få møta unge menneskjer. No lurer han på kva forventningar Hans Olav har.

– Det er jo litt inn i det ukjente, sjølvsagt. Men eg håpar å få eit innblikk i kva avgjersler som blir tatt og korleis, svarar leiarvikaren.

Og det er mykje lærdom å henta frå mentoren.

– Det er ein jobb. Når du sit på toppen er det mange ting du må forholda deg til. Du må ha eit 360-graders perspektiv på det du driv med. Det er ein organisasjon som skal gå rundt og medarbeidarar som skal oppleve at dei har noko meiningsfylt å halda på med. At ting endrar seg fort er noko du må bli van med som leiar. Som leiar er det slik at mykje av tida di vert styrt av ytre omstende, som gjer at du må reagere. Men inni deg er det viktig å klara å bevara både eit overskot og overblikk, slik at det ikkje berre er ytre omstende som styrer, avsluttar Henriksen, før det brakar laus.

Faktaboks

Ungt Entreprenørskap (UE)

Vart etablert i 1997

Er ein ideell, landsomfattende organisasjon som i samspelmed utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikla barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Leiar for ein dag vart første gong arrangert i 2002

Fylkesforeningane nominerer unge som har utmerka seg gjennom elev- eller studentbedrifta si til å følgje ein toppleiar ein heil dag

Kjelde: UE