Kan ei pille gi same effekten som ein intensiv sykkeltur eller ei treningsøkt på treningsstudioet?
Forskarar ved University of Sydney trur dei kan vere på god veg til å lage eit slikt legemiddel.
Ei kartlegging som dei australske forskarane no har gjort, viser at det skjer over 1.000 molekylære forandringar i skjelettmusklane under trening. Berre ein mindre del av desse har vore kjende frå før.
– Forskarane har lenge hatt mistanke om at trening fører til ein komplisert serie av forandringar i musklane, men dette er første gongen vi har klart å kartleggje nøyaktig kva som skjer, seier ein av forskarane bak studien, Nolan Hoffman.
Interessert i kuriøs forsking? Desse forskarane synte at tillit får hjarta til å banke i takt.
Det byr på ein del utfordringar å lage ei pille som løyser ut alle desse signalforandringane i kroppen, men får dei det til, skal pilla kunne gi same effekten som trening.
Målet er likevel ikkje å skape ei framtid der folk skal kunne komme i toppform utan å anstrengje seg, men å hjelpe sjuke som av ulike grunnar ikkje kan trene, til dømes hjartesjuke og overvektige.
Den australske studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Cell Metabolism.
Har du fått med deg treningsfenomenet «fitspiration»?