Nesten 38.000 kjøpte billett hit i sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten 38.000 kjøpte billett hit

Saka var først publisert i Porten.no.

Borgund stavkyrkje kan denne sesongen skilte med å ha seld kring 6.000 fleire billettar enn i fjor, i tillegg har stavkyrkjesenteret auka omsetninga med 25 prosent. 

1. oktober markerte slutten for den fem månader lange turistsesongen til Borgund Stavkyrkje. Dei endelege tala syner 37.897 selde bilettar, mot kring 32.000 i 2014. 

LES OGSÅ: Går mot rekordsesong for norsk reiseliv

Solid auke i omsetning og besøk
Etter juli månad låg besøkstalet ved Borgund stavkyrkje an til å auke med 20 prosent samanlikna med same tid året før. Slik var det også for stavkyrkjene Urnes og Hopperstad, ifølgje NTB.

No etter den fem månader lange sesongen for Borgund stavkyrkje er over, landa billettsalet på ei auke på kring 20 prosent. Dagleg leiar for Borgund stavkyrkje, Tanna Gjeraker, gler seg over ein god sommarsesong, både med tanke på besøk og omsetning.

– I tillegg til billettar sel me også mykje mat, suvenirar, bøker og kaffi. Totalomsettinga er på 4,5 millionar. Det er 800.000 kroner meir enn i 2014, noko me er godt nøgde med, seier Gjeraker. 

Artikkelen held fram under biletet.


Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje, medan ho guidar og fortel ei gruppe turistar om historia til kyrkja frå 1190-talet. Foto: Ina Eirin Eliassen

Flest amerikanarar
Av dei som besøker Borgund stavkyrkje er den største gruppa frå USA. Slik har det vore i fleire år. Dei siste åra har det også auka på med besøk frå Tyskland og Frankrike. Gjeraker forklarar at ho trur ein god fransk guide har hatt mykje å seie for at franskmenn tek turen. Stavkyrja har også mange besøkande får Spania og Brasil. 

– Kva med asiatane?

– Kinesarane reiser nok til Flåm, medan japanarane forsiktig byrjer å finne vegen attende til Borgund etter dårlege økonomiske tider i landet, fortel Gjeraker. 

Artikkelen held fram under biletet.


Kongevegen over Filefjell, den ti mil lange turvegen frå Lærdal til Vang, skal stå ferdig sommaren 2016. Biletet er frå Vindhella i Lærdal. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

– Fleire attraksjonar vil bety mykje
Nokre delar av Kongevegen over Filefjell, som skal stå ferdig sommaren 2016, ligg attmed Borgund stavkyrkje. Gjeraker har tru på at interessa for turvegen vil gi fleire besøk til stavkyrkja framover, men at det har vore litt tidleg å merke det på besøkstala for denne sesongen. 

– Me merkar interessa for Kongevegen og at det er fleire folk på vegane her. Sjølv om ikkje alle tek turen innom stavkyrkja, er det også viktig for oss at dei kjem innom stavkyrkjesenteret for å kjøpa til dømes mat og kart. Desse besøka trur eg me vil få meir av. Eg trur det også er viktig at me ligg ved sidan Vindhella, som er ein av dei finaste bitane av Kongevegen. Det er eit kjempearbeid dei legg ned for å få ferdig Kongevegen. Neste år trur eg det kjem fleire nordmenn, i tillegg til utanlandske turistar, seier Gjeraker.