I fengsel for juks på førarprøven

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fengsla for juks på førarprøven

I går vart det avdekt juks på ein teoriprøve ved Haugesund trafikkstasjon.

Det var skrankepersonellet som oppdaga at ein kandidat juksa. Dette har vore gjennomført ved hjelp av kommunikasjonsutstyr, der det har vore ein person på utsida av bygget som har gitt kandidaten dei rette svara.

Forholdet vart meldt til politiet som raskt kom på staden. Kvinna vart sett i varetekt og avhøyrt av politiet.

LES OGSÅ: Difor bør du starta med køyretimar tidleg

– Me har eit tett og godt samarbeid med politiet og har blitt gjort oppmerksam på at det kunne vera nokon i området Stord og Haugesund som dreiv med organisert juksing på teoriprøven, seier seksjonssjef Torbjørn Brosvik i Statens vegvesen.

– Vårt viktigaste våpen mot juks er vårt personell som tar imot kandidatane i skranken og set dei i gang med teoriprøven. Dei har god erfaring og veit kva teikn dei skal sjå etter hos kandidatar som vil jukse. Vidare har me rutinar på at alle tekniske einingar som kan kommunisere skal leggjast vekk før ein går inn i prøvelokalet. Inne i sjølve prøvelokalet er det overvaking ved hjelp av lyd og bilete. Me ser svært alvorleg på juks og melder dette til politiet. I eit trafikksikringsperspektiv er det alvorleg at det vert juksa på teoriprøven. Alle som får førarkort skal vera gjennom teoriprøve for å vise at ein har ein grunnleggjande kunnskap i trafikkreglar og er i stand til å vurdere trafikale situasjonar, understrekar Brosvik.

LES OGSÅ: 16-åringar kan køyra denne bilen lovleg