KrF og Venstre seier nei til skattesmell for bønder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske bønder kan få skattesmell

I statsbudsjettet går regjeringa inn for å fjerne fritaket for skatt på bondegardar som går i arv.

Forslaget vil ifølgje landbruksøkonomar gi mange aktive heiltidsbønder ein skattesmell på over ein halv million kroner ved generasjonsskifte.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje overta garden 

– Uakseptabelt
Forslaget fell ikkje i god jord hjå støttepartia til regjeringa. Både KrF og Venstre signaliserer at dei vil kjempe mot forslaget.

– Denne skatteskjerpinga er for KrF uakseptabel. Dagens reglar er eit viktig verkemiddel for at neste generasjon kan overta gardsbruket tidleg. Det treng vi når målet er auka matproduksjon. Regjeringa skriv òg at auka matproduksjon er eit overordna mål. Då må vi leggje opp til det og ikkje gjere det tøffare for unge å overta, seier næringspolitisk talsperson for KrF, Line Henriette Hjemdal til Nationen.

– Vil de stoppe forslaget?

– Ja. Forslaget er uakseptabelt. For den enkelte bonde er det snakk om mykje pengar, seier Hjemdal.

LES OGSÅ: Kvar tredje danske bonde er truga av konkurs 

– Uheldig
Næringspolitisk talsperson Pål Farstad signaliserer langt på veg at Venstre òg går imot forslaget.

– Dette forslaget har eg ikkje sans for. Vi må gå nærare inn og sjå på kva som ligg der, men eg kan ikkje sjå at dette er rett veg å gå. Når ein del næringsaktørar no får litt skattelette, så kan det ikkje vere rett at landbruket over natta skal få slike skatteskjerpingar som det ligg an til her, seier han.

– De vil stoppe forslaget?

– Ja, det betyr det. Slik forslaget er presentert, og konsekvensane forslaget kan ha, så er det uheldig for landbruket og rekrutteringa internt. Vi har i utgangspunktet ikkje sans for forslaget. Det svarar ikkje på det vi vil med rekruttering til landbruket, seier Farstad til avisa. (©NPK)