Synne (19) gjev ut varulvhistorier frå jenterommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Millionar les historiane hennar

Saka var først publisert i Nordhordland.

Synne Jakobsen (19) blei oppdaga på ein internasjonal nettstad for skriveglade. No held ho på med andre boka i serien om varulven «Kaden», og har hatt nesten to millionar lesarar på nett.

Det er på jenterommet på Rossland at dei fantasifulle historiane vert til. Med skogen som næraste nabo og ein svart hund, målar fantasien hennar lett mørke bilete, der varulvar, heksar og vondskap spelar hovudrolla, i ei langt mørkare verd enn den vi lever i.

I «Kaden» treff vi ho-varulven Elene og den barbariske varulv-hannen «Kaden». dei bur i ei verd der hat og undertrykking dominerar, og hemn er drivkraften. Ein krig mellom rasane er i ferd med å bryta ut.

– Eg har lenge vore fascinert av varulven si historie, men i mi verd er det ein langt mørkare og råare rase enn slik dei ofte vert portrettert. Difor måtte eg laga mi eiga historie om varulvar, fortel Synne. Ho held på med bok nummer to i serien, som totalt skal bestå av fem bøk.

LES OGSÅ: Astrid Luisa Niebuhr – 19 åringen som skreiv eigen opera

Oppdaga av forlag

Skrivegleda kom tidleg til Synne, og ho saumfarte biblioteket på Rossland etter dei gode historiene i oppveksten.

– Eg og søstera mi har alltid lest masse bøker. Då eg gjekk i 4- klasse likte eg «Marg og bein»- serien. Eg oppdaga at eg likte godt mørke bøker, fortel Synne.

Ungjenta hadde mange fantasifulle historier i hovudet sitt, og på den internasjonale nettstaden for skriveglade, Wattpad, låg ho ut historiene sine kapittel for kapittel. Boka hennar «Kaden», som blei gitt ut kort tid før 19 års- dagen, blei fyrst oppdaga på nettstaden Wattpad, og gitt ut på forlaget BLVNP som har hovudkontor i Nevada, og dessutan har kontor 30 ulike stader i verda.

Lever draumen

Det har vore ein draum for meg å driva med skriving, og no jobbar eg i tillegg i bokhandel.

– Akkurat no lever eg draumen og er heilt i himmelen. Det å få jobba med og blant bøker, det kan ikkje bli betre, seier den kreative jenta frå Rossland. Boka hennar er å finna på Amason.com og vert trykt opp på førespurnad.

– Dei fleste kjøper boka som E-bok, seier Synne.