FILMMELDING: Det er ikkje mykje springing i mørk skog i «Villmark 2». Det er villare, men ikkje like gåtefullt som førstefilmen.

Det er ikkje med små forventningar eg set meg på ein trebenk i Jotunheimen for å sjå verdspremieren på «Villmark 2» under Fjellfilmfestivalen 2015.

Den nattlege framsyninga går føre seg nesten ein månad før noregspremieren 9. oktober.

Etterpå skal underteikna og resten av den proppfulle skråninga leggja oss i kvar våre telt. Vert det noko søvn etter dette?

Hoppa etter Noregs skumlaste
Det er 12 år sidan Pål Øie gjorde ein heil generasjon litt meir mørkeredde i skogen med «Villmark».

Regissøren veit han har gjort det vanskeleg for seg sjølv. «Villmark» (2003) fekk to Amandanominasjonar og er kåra til Noregs skumlaste film.

Denne gongen har Pål Øie bytta ut medforfattar Christopher Grøndahl med Kjersti Helen Rasmussen.

LES OGSÅ: – Villmarka er vakker og brutal

Tyske referansar
I «Villmark 2» møter me eit saniteringsteam på fem som skal sjekka Luster sanatorium for miljøgifter før det skal rivast. 300 rom på tre dagar – i tillegg skjular det seg ein ekstra etasje og mørke løyndommar i det forlatne  bygget.

Den gamle vaktmeisteren Karl nektar å forlata bygget han passar på. Som tyskarunge har han ei mørk forhistorie han ikkje kan gje slipp på. Han fortel sjølv at han er son av piloten som styrta i eit vatn rett ovanfor sanitoriumet.

Det betyr at me igjen vert tekne med til det vatnet ein ikkje burde gå til. Der står det framleis eit raudt telt, som har tilhøyrt ein tysk turist med kamera. Og meir tysk skal det bli.

For dei som ikkje hugsar den første «Villmark»-filmen fann eit filmteam på research-tur eit forlate raudt telt ved eit vatn, som bar spor etter ein tysk turist på jakt etter eit fly som styrta i dette vatnet under krigen.

Skrekkeleg sceneteppe
På veg opp til sanitoriumet i «Villmark 2» ser ein omrisset av det aktuelle flyet i vatnet, men i denne filmen vert meir avdekt, ofte på skrekkeleg vis. Det kjem stadige hint til kva som har skjedd på sanatoriumet, der det ikkje var berre greitt å vere tyskarunge.

Plystringa, som me var så nervøse for å høyre i skogsmørkret etter den originale «Villmark», lagar gjenlyd i dei falleferdige gangane i Luster sanatorium, der det vert meir action enn i førre film. Meir jakt og mindre hjartevarme.

Ellen Dorrit Pettersen er ei handlekraftig skrekkheltinne i rolla som teamleiar Live. 

Luster sanatorium – òg kalla Harastølen – dannar eit godt grunnlag for ein skrekkfilm og dannar mykje av premissane for historia. Bygget, som vart opna i 1902, har tent som både tuberkuloseheim, psykiatrisk sjukehus og i ein periode asylmottak. Sistnemnde bruksområde har ikkje vorte med i filmen, som spelar mykje på galskapen og det sjukelege.

Der «Villmark» spelte på enkle strengar og nytta seg av den innebygde skrekken me alle har for mørkret og det ukjente, har «Villmark 2» teke det heile fleire steg lenger. Skrekken vert måla på veggen med stor pensel og ein del klassiske skrekkfilmelement.

Ingen mareritt
Eg er ikkje heilt sikker på om marerittet er over når rulleteksta kjem på.

Eg tek meg likevel heller i å undre på det 12 år gamle mysteriet: Kva rolle spelte bonden som opna grinda for filmteamet i «Villmark 1»?

Etter filmslutt legg eg meg innanfor teltduken – og sovnar som ein stein. Det er rett nok ikkje eit raudt telt ved vatnet, men ein grøn lavvo i ein teltleir.

Og eg har ikkje lyst på ein tur til Luster sanatorium.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE