Lyrikar Anna Kleiva og journalist Siri Helle deler Melsomprisen 2014.

mm
Faktaboks

Melsomprisen

Vart oppretta i 1922 av skipsreiar Ferdinand Melsom frå Tønsberg

Målet er å fremja nynorsken

Prisen vert delt ut til ei bokutgjeving som kan eigna seg til folkelesnad og masseutbreiing

Prisen vert styrt av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

I juryen: Kari Marie Torbjørnsen, Dag Nestegard og Sverre Tusvik

Tidlegare vinnarar: Linda Eide, Gunstein Bakke, Jon Fosse, Maria Parr, Frode Grytten, Brit Bildøen og Edvard Hoem

Prisvinnaren får 40.000 kroner

Kjelde: Samlaget, Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Kvart år deler Det norske samlaget ut Melsomprisen under Litteratursymposiet i Odda, som i år går føre seg frå 7.-11.oktober.

Juryen har vurdert 37 utgjevingar frå 12 ulike forlag og enda til slutt med å dela prisen mellom Siri Helle og Anna Kleiva.

– Det mangla ikkje på gilde forfattarnamn, for mange profilerte nynorskforfattarar gav ut bok i fjor, men me er ein jury som ikkje gir ut pris til «the usual suspects». Me vart samde om heilt andre namn og landa på å dela prisen mellom ein sakprosaforfattar og ein lyrikar, forklarar Sverre Tusvik på vegne av juryen, ifølgje nettsidene til Radio Folgefonn.

LES OGSÅ: – Mat er ikkje dyrt i Noreg

Matprat
Helle vann med boka «Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks» utgiven på Samlaget, medan Anna Kleiva fekk prisen for diktsamlinga «Vårar seinare» på Forlaget Oktober.

Juryen meinte at den agronomutdanna spaltisten Siri Helle i vinnarboka spissar argumenta og dei kritiske analysane kjent frå den faste matspalta hennar i vekeavisa Dag og Tid.

Vidare peikar dei på at i ein mediekvardag, som nesten druknar oss i mat og kokebøker frå dei mest eksotiske nisjer og sektorar, maktar Helle å formidla innfløkt og faktaspekka folkeopplysning om dei mest basale tema. Ho er krast og modig utleverande, men teksten vert aldri prega av traurig, korrekt moralisering.

– Helle er innom store og nesten slitte omgrep som bærekraft, dyrevelferd, kjedemakt og forbrukarmakt. Ho driv opplysande, gravande journalistikk om uoversiktlege tilsetjingsstoff og avslører djupt alvorleg juks i norsk og internasjonal matbransje. Dette gjer ho med eit lett og ledig språk, hyppig krydra med intelligente ordspel og uventa biletbruk, meiner juryen.

LES OGSÅ: Vårar, ras og rånarar

Lågmælt dramatikk
Lyrikar Anna Kleiva frå Vinstra har fått både Osloprisen 2014, Diktardagarprisen 2015 og Bjørnsonstipendet etter utgjevinga av si andre diktsamling.

Juryen meiner at dikta i «Vårar seinare» tidvis er lågmælte i form, men samtidig svært dramatiske i innhald.

– Bygda kvir seg til vår og dikta vert ein sørgjesong over unge menneske som døyr i ulukker som kunne ha vore unngått. Dikta er baserte på personlege opplevingar, men dei vert aldri banale. Dei er baserte på djupt fellesmenneskelege kjensler, meiner juryen.

Helle og Kleiva mottok kvar sitt diplom og 20.000 kroner i prispengar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE