Slik påverkar statsbudsjettet deg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skatteletta påverkar dei aller fleste, bortsett frå dei som tener mest. Noko som betyr at ein vanleg lønnsmottakar får litt meir å rutte med i året, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB til NTB.

For ein vanleg familie med ei samla årslønn på 900.000 kroner og eit lån på 4 millionar kroner vil skattereduksjonen vere på 3.100 kroner i året, opplyser DNB.

LES OGSÅ: Vil skatte millionærane hardare

Dyrare moro
Samtidig foreslår regjeringa å auke momsen på kultur- og transporttenester frå 8 til 10 prosent. Det betyr at det blir dyrare å reise med tog, buss og fly, og det blir også dyrare å bu på hotell, sjå fotball, dra på kino. I tillegg blir NRK-lisensen 25 kroner dyrare.

– Regjeringa gir med den eine handa og tek med den andre, akkurat som ho skal i eit statsbudsjett. Brukar ein mykje, et det lett opp skatteletta. Så her har ein eit val. Ein kan sitje igjen med heile gevinsten, seier Sandmæl.

– Det er sånn at om du får behalde meir av inntektene dine, så skal det koste å ha det moro, legg ho til.

– Sørgjeleg lesing
Forbundsleiar Roger Hansen i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) meiner å gjere kollektivtrafikken og kulturopplevingar dyrare og privatbilisme billigare er meiningslaust.

– Statsbudsjettet er sørgjeleg lesing for alle som ønskjer meir og betre kollektivtrafikk. Regjeringa aukar momsen på tog-, buss- og ferjebillettar for å finansiere skattelette for dei aller rikaste. Samtidig blir det billigare å køyre privatbilar. Dette heng ikkje på greip, seier forbundsleiar Roger Hansen i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF).

LES OGSÅ: Dobbelt så mykje pengar til sykkelvegar

Pendlarsmell
Regjeringa vil i statsbudsjettet 2016 heve botnfrådraget for pendlarar frå 16.000 til 22.000 kroner. Det betyr at du må ha lengre veg til jobben for å få reisefrådrag. Det vert anslått at dette rammer 125.000 pendlarar.

– Pendlarar med lang pendlarveg er blant taparane i dette budsjettet, fordi du må ha mykje høgare reisekostnader før du får lov til å trekke dei frå på skatten. Det kjem til å svi for mange, særleg i distrikta, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl.

Aukar alkoholavgiftene
Regjeringa foreslår å setje opp alkoholavgiftene med 2,5 prosent.

– For fjerde gong sidan Frp-leiar Siv Jensen tok over Finansdepartementet gjer ho det meir attraktivt å handle alkohol i utlandet. Avgiftene aukar, Vinmonopolet får dårlegare rammevilkår, og det vert stimulert til lite miljøvennleg handel, seier Ingunn Jordheim, generalsekretær i VBF, og held fram:

– Frp har sidan Anders Langes opningstale i 1973 kjempa mot høge alkoholavgifter. I regjeringsposisjon aukar dei avgiftene ved kvar anledning. (©NPK)

Les meir om statsbudsjettet her!

Faktaboks

Regjeringa foreslår å redusere inntektsskatten. For ein vanleg familie vil det bety 3.100 kroner i skattelette per år. Føresetnader for det er eit hushald med 900.000 kroner i samla inntekt og 4 millionar kroner i lån.

Momsen på kultur- og transporttenester foreslått auka frå 8 til 10 prosent. Det betyr at nordmenn kan førebu seg på at transport, hotellovernattingar, NRK-lisensen og fotballbillettar blir dyrare.

NRK-lisensen foreslått auka med 25 kroner til drygt 2.780 kroner neste år.

Bilavgiftene vert uendra.

Alkoholavgifta foreslått auka med 2,5 prosent. Dermed går ei flaske vin opp med nesten halvanna krone og ein liter brennevin med 9 kroner.

Pris på sigarettar, sigarar og røykjetobakk vert auka med 2,5 prosent, medan snus og skråtobakk aukar med 2 prosent.

Maksbeløpet for Bustadsparing for ungdom (BSU) foreslått auka frå 200.000 kroner i år til 300.000 kroner i 2016.

Botnfrådraget foreslått auka frå 16.000 til 22.000 for pendlarar.

Studiestøtta foreslått auka med 3.160 kroner i året.

Regjeringa vil ikkje gjere skatteendringar i bustaden du bur i, men vil gjere det dyrare å eige bustad nummer to. Dette kan føre til auka utleigeprisar. (©NPK)