Kvar student får 316 kroner meir i månaden

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får 316 kroner meir i månaden

I dag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2016.

Auka studiestøtte fordelt over 11 månadar og fleire studentbustadar har vore øvst på ønskjelista til norske studentar ei stund.

LES OGSÅ: Kostbart kronefall for utanlandsstudentar

Ville hatt 30.000 meir
I dag får norske studentar 100.920 kroner årleg i stipend og lån frå Lånekassen.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2016 å auka støtta til 104.080 kroner. Det er nesten 30.000 mindre enn Norsk studentorganisasjon meiner er tilstrekkeleg. I første omgang hadde dei håpa på i alle fall 108.000 kroner.

– Forslaget syter for at studentane ikkje får dårlegare råd til neste år, men det burde strengt tatt vore ei sjølvfølgje. Me i NSO er tydelege på kva som er studentane sitt krav, det er på tide at regjeringa tydeleggjer sine ambisjonar, seier leiar i Norsk studentorganisasjon Therese Eia Lerøen i ei pressemelding.

Halv månadsleige i året
Leiar i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen Johanne Vaagland tykkjer det er synd at studiestøtta vert nedprioritert nok ein gang.

– For at studentar skal kunne studera på heiltid så er det langt i frå godt nok med ei auke på 3000 kroner i året. Dette er knapt ein halv månads husleige, påpeikar Vaagland i ei pressemelding frå Studentparlamentet ved UiB.

Før budsjettforslaget uttala studentparlamentleiaren til Studvest at ho ynskja meir pengar til dei psykiske helsetenestene til studentsamskipnaden. Ho meiner det høge talet på studentar som slit psykisk understrekar behovet for å auke studiestøtta for å gje studentar meir fridom og tryggleik.

LES OGSÅ: 6.000 færre i bustadkø

Bustadsatsing
I dag manglar 13.251 studentbustadar for at det skal vere nok til 20 prosent av studentane, som er målsettinga til NSO. I dag er denne dekningsgraden på 14,5 prosent, ifølgje Studentboligundersøkelsen 2015.

Norsk studentorganisasjon er nøgd med at regjeringa held fram med satsinga og har sett av pengar til å byggje 2200 nye studentbustadar neste år.

– Kvar enkelt studentbustad som vert bygd er med på å sikra fleire gode butilhøve og betra økonomi for studentane, seier Eia Lerøen.

 Les meir om statsbudsjettet her!

Sjå Norsk studentorganisasjon si oversikt over studiestøtta samanlikna med grunnbeløpet i folketrygda her: