– Flyktningkrisa krev mykje meir
Men kommunane er nøgde med å få ein halv milliard til vedlikehald.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Pengane for å auka busetjinga av flyktningar i kommunane er langt frå nok, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.
I forslaget til statsbudsjett for 2016 går regjeringa inn for eit ekstra tilskott på 50 millionar kroner for å auka busetjinga av flyktningar i kommunane, og dessutan 25 millionar kroner for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar.
Interesseorganisasjonen for kommunane, KS, meiner dette er langt frå nok.
I tillegg foreslår regjeringa eit eingongstilskot til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg i kommunane på 500 millionar kroner.
Regjeringa foreslår òg å auka lærlingtilskottet til fylkeskommunane med 50 millionar kroner.
Begge deler helsar KS velkommen.