Dei to 89-åringane har teke opp poteter saman kvar haust sidan dei gifta seg i 1949.

Anne Gry Eilertsen/Vikebladet
Anne Gry Eilertsen/Vikebladet

Saka stod først på trykk i Vikebladet.

I ein åker på Vågeskaret står ekteparet Gunnveig og Norvald Ertesvåg (begge 89 år) bøygde over dei svarte forene. Dei tek opp poteter, slik dei har gjort kvar haust sidan dei gifta seg i 1949.

I dag er det nærast eit særsyn å sjå folk stå bøygd over ein potetåker. Anten blir potetene kjøpte i butikk, eller så blir dei tekne opp maskinelt i storskala.

LES OGSÅ: Er mat eit større tabu enn sex?

Men slik er det ikkje i Vågeskaret på Dimna. Ekteparet Gunnveig og Norvald Ertesvåg held stangen i potetåkeren, med hakkegrev og bøtter.

I åkeren sidan dei var 7-8 år
Begge trur dei har vore med på potetopptaking sidan dei var i 7-8 årsalderen.

– No driv vi sambruk med nabo Oddny Ulstein. Ho har sauer og køyrer ut gjødsel på åkeren. Sonen vår, Arne Kjell, pløgjer, fræsar og lesser potetene på plass i potetkjellaren vår, fortel Norvald.

Han var lærar ved Hasund skule i 30 år, men har no vore pensjonist i mange år.

LES OGSÅ: Kva med litt nygrilla tarechips?

Om våren har dei settepoteter av Kerrs Pink og ei anna type potet som dei ikkje veit namnet på i jorda.

– Det er ein type som har vore på garden her i alle år, og som er temmeleg kvit i kjøtet, fortel Gunnveig, som fyller 90 år om ein knapp månad.

Sjølvberga
Ekteparet har i alle år vore sjølvberga med poteter, og dei må vere eit strålande prov på at poteter er sunt. Stikk i strid med moderne kosthaldsråd.

– Vi har ete poter til middag nesten kvar einaste dag heile livet. Men vi et mykje fisk også. Gjerne fisk som vi har fiska sjølve, seier Norvald.

Paret har i alle år drive småsjøen, og torsk, sei, makrell og anna som vil bite på kroken er ein naturleg del av kosthaldet.

LES OGSÅ: Ho er årets landlege spire

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE