– No er eg ikkje lengre eit mørketal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann pris for film om si eiga valdtekt

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

– Mottakinga har vore heilt overveldande. Det hadde eg ikkje forventa. Dette er jo ein tematikk som er litt tabubelagt.

Linda Steinhoff (35) er attende på kontoret i Starvhusgaten 2A. Det er hektiske dagar i Bergen. Midt i castingar av skodespelarar, fotografering og jobb er det i tillegg Bergen Internasjonale Filmfestival si prisutdeling tysdag kveld.

LES OGSÅ: Ein sterk dokumentarfilmhaust

Der stakk ho av med to prisar. Filmen vart kåra til beste dokumentar og stakk av med publikumsprisen.

Telefonen i veska hennar kimar, pip og vil ha merksemd. Men Linda Steinhoff tek seg tid til å fortelje om bakgrunnen for filmen ho har laga, og som vart nominert til prisen for beste dokumentar, og for publikumsprisen under BIFF denne veka.

For det var ei nervøs Steinhoff som skulle presentera sin fyrste dokumentar under filmfestivalen i Bergen sist veke. – Då eg kom var 70 billettar seld. Så blei det stappfullt på begge framsyningane, seier ho, tydeleg overvelda enno.

– Korleis var det å sjå filmen på stort lerret for fyrste gong?

– Det var veldig rart. Tidlegare har eg berre jobba med fiksjon. Men dette var verkelegheit, der eg i tillegg skulle eksponera eit så sårbart tema. Då eg bestemte meg for å laga denne filmen, skulle den ikkje handla om meg. Historia mi var noko eg alltid hadde skjult. Eg ville jo ikkje at folk skulle sjå på meg som eit offer, fortel ho.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep


FRÅ FILMEN: Steinhoff tek oss med på ei personleg reise i filmen.

«Røyndommen» hadde Steinhoff levd med sidan ho var 18 år. Då opplevde ho å bli valdtatt av ein ho kjende, og som ho fram til då hadde likt godt. På valdtektsmottaket i Bergen opplevde ho det slik at ho blei fråråda å melda valdtekta.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte tenka igjennom kva påkjenning det ville vera. Når ein valdtekt fyrst har skjedd er det eit kappløp mot tida. Du har 72 timer til alle spor er borte. Ein vanleg reaksjon etter ein valdtekt er at ein vil dusja rett etterpå. Mange er ikkje klare over at ein kan finna spor sjølv om ein har dusja. Korleis skal ein som nettopp har opplevd ein traumatisk hending klara å vita kva ein skal gjera? Kven hjelper ein fram i systemet, når ein er på sitt mest sårbare og fortvilte? spør Steinhoff.

Den gangen visste ho ikkje kven ho skulle gå til. Ho betrudde seg til lærarane ved skulen ho då gjekk på. Ho fekk kjensla av at dei ønskte å legga låk på det. Skubba det vekk. Var kan hende redde for at det skulle gå ut over skulen sitt ry?

– Det gjekk raskt rykte, og «han» kom ut med sin versjon av hendinga. Eg opplevde at eg blei målt opp og ned. At det blei stilt spørsmål ved det eg hadde opplevd, spesielt frå jentene. Er du sikker på at han meinte noko vondt?

LES OGSÅ: Barneombodet vil avskamme seksuelle overgrep

Linda prøvde å legga lok på det ho hadde opplevd. Men det kom attende. Minner som ho trudde ho hadde bearbeida dukka opp att.

– Ulike ting kan trigga minna utan forvarsel. Til dømes når eg vart kroppsvisitert på ein flyplass. Eg vart rasande. Det tok veldig lang tid for meg å forstå at reaksjonsmønsteret mitt var normalt. Vi har så lite kunnskap om traume og traumebehandling i Norge. Det såg ein når Utøya-katastrofen skjedde, og dei måtte henta traume-ekspertar frå utlandet. Linda ønsker at fleire får kunnskap ometterverknadene av traume og traumebehandling.

Draumen er at filmen hennar skal verte nytta i seksualundervisning i skulen.

– Folk må snakka om valdtekt. At det ikkje berre handlar om ein framand mann på gata og mykje vald. men at det kan vera folk ein kjenner, og som ein faktisk kan vera glad i. i 2015 skal det ikkje vera diskusjon på om det har vore ein valdtekt eller ikkje. Steinhoff snakkar lågt og kontrollert om det ho brenn for. Om eigne erfaringar.

– Både den som vert valdteken og den som valdtek treng eit system som fangar dei opp. Begge treng hjelp, seier Steinhoff.

LES OGSÅ: Valdtektsoffer tek makta frå orda

Undervegs i filminnspelinga bestemte Steinhoff seg for å melda valdtekta ho sjølv hadde blitt utsett for då ho var 18 år.

– Det handla ikkje om hemn. Men om å sei ifrå. Om å ikkje vera eit mørketal. Om å hjelpa andre som kan ha opplevd det same. Kanskje til og med frå den same personen. Det kjennast godt å ha sagt frå. Å vite at eg har gjort mitt.

Valdtekta har prega livet til Steinhoff, som har slite med psykosomatiske plager som følge av traume. Sjølv ser ho slik på det ho har vore utsett for; – Om ein dyttar nokon ut frå eit tak, så veit ein jo ikkje korleis den personen vil koma ifrå det.

Ho fortel at filmen har gjort ho sterkare.

– Den avmaktskjensla som har gjort meg så sjuk er borte. Eg har tatt kontroll igjen. Eg har fått ein stemme.

Faktaboks

«VOLDTATT»

Linda Steinhoff sin fyrste dokumentarfilm «Voldtatt» er ei personleg historie om eit tabubelagt tema. Filmen viser korleis voldtektsofre vert møtt av systemet som skal hjelpa dei. I filmen får vi sterke møte med mellom anna ein valdtektsmann, psykiater, rettsstell og kjærasten til offeret. Linda Steinhoff har både regi og manus på filmen, som blei vist fyrste gang under Bergen internasjonale Filmfestival sist veke. Filmen hausta lovord, mellom anna av Bt som mellom anna skreiv at «Hun (Linda Steinhoff red. mrk.) greier attpåtil å lage en film som er informativ, samtidig som den både opprører og berører. Måten hun gjør det på er så avvæpnende, av og til så humoristisk, at tyngden i temaet faktisk blir enda tydeligere. Og – kanskje vel så viktig – Steinhoffs tilnærming kan gjøre det lettere for andre å snakke om seksuelle overgrep. Og å anmelde».