Ein sterk dokumentarfilmhaust

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er overbevist om at dokumentarane denne sesongen er filmar som vil vekke følelsar, skape debatt og setje dagsorden, seier direktør for Norsk filminstitutt, Sindre Guldvog, om dei 13 dokumentarane som hausten har å by på.

NRK har åtte av dei, TV 2 og VGTV ein kvar, medan Aftenposten TV står for tre. Mange er også aktuelle på filmfestivalar, og andre plattformer. Dei følgjer etter suksessane frå i vår som «Flink pike», «Brødre og drone». Symptomatisk nok handlar tre av haustdokumentarane om krigsoffer som flyktar – og kva som møter dei etterpå:

LES OGSÅ: Dokumenterer norsk punkhistorie

Nina Grünfeld avsluttar sin familietrilogi med «Ninas barn» – om den jødiske barneheimen og bestyrarinna ho er kalla opp etter som berga dei 14 barna frå nazistane under andre verdskrigen. Den vert vist på NRK, medan VGTV følgjer opp fjorårets utsende asylbarn med å finne igjen fire av dei, blant anna Farida i Afghanistan, i serien som rett og slett heiter «Asylbarna» og vert sendt i haust.

Dokumentaristen bak «The Crossing» (NRK 27. oktober), Egypt-baserte George Kurian, lét kamera følgje med på heile flukta. Men smuglarane lét han ikkje komme om bord i den vesle båten som «hans» syriske flyktningar sette kursen for Europa med:

– Eg lærte ein om bord å filme. Så møtte eg dei i Italia, og besøkte dei igjen i leirar i forskjellige vesteuropeiske land. Det var då ein stor del av problema deira byrja, fortalde Kurian då han tysdag presenterte «The Crossing» på Filmens hus.

– Dei mister identiteten sin, kven dei er. Det er ei kafka'isk verd, og det ville eg portrettere, seier Kurian, som har norsk produsent frå Gründerfilm.

LES OGSÅ: Ein vellukka pøbel

Faktaboks

Dokumentarfilmar i vente

«Voldtatt» av regissør Linda Steinhoff, som tar for seg både si eiga erfaring med valdtekt og andres, vert vist på NRK i haust.

«Idas dagbok» av regissør August B. Hanssen, der Ida følgjer sitt eige psykiske sjukdomsbilete med kamera, premiere på NRK 8. oktober.

«Arven» av regissør Charlotte Thiis-Evensen, som er avskjedsråd frå ein døyande far til sin unge son så vel som ein film om farsforhold, vert vist på Aftenposten TV i haust.

«The Visit» av regissør Michael Madsen, om korleis vi førebur oss på besøk frå verdsrommet også i FN-regi, vert vist i haust på Aftenposten TV.

«Einars forsvinningsnummer» av regissør Elsa Kvamme, om psykologen som fekk kreft og svarte med å leggje ut på pilegrimsvandring, vert vist på NRK i haust.

«Ninas barn» av regissør Nina F. Gründfeld, om barneheimsbestyrerinna som redda hennar eigen far frå nazistane, vert sendt i oktober på NRK.

«Asylbarna» av regissørane Christer Fasmer og Ragnhild Sørheim, som følgjer opp fire 2014-utsende barn i «heimlanda», vert vist på VG-TV i haust.

«Maiko» av regissør Åse Svenheim Drivenes gir eit nærbilde av prima ballerina Maiko, klar for NRK i haust og vert også vist på Operaen 11. oktober

«Familiearven» av regissør Kristine Gausereide Jacobsen, om korleis familiehotellet er avhengig av at sonen finn kjærleiken, vert vist i haust på NRK

«Psykonauten» av regissør Jon Vatne gir fleinsopp eit ansikt, og er klar for Aftenposten TV i oktober.

«Uteligger» av regissør Aslak Danbolt, seks episodars serie på TV 2 frå 13. desember som følgjer Petter Nyquists liv på gata.

«The Crossing» av regissør Georg Kurian, om ei gruppe syriske flyktningar, på NRK 27. oktober.

«Punx» av regissør Thomas Robsahm, serie som vert vist på NRK frå 18. november. (©NPK)