FN heiser det palestinske flagget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vaiar for første gong ved FN

Det skjer onsdag, same dag som den palestinske presidenten Mahmoud Abbas skal tale til FNs hovudforsamling.

Palestinarane vil markere flaggheisinga med ein seremoni, og ei rad av verdsleiarane er inviterte til høgtida. Sjølv om Noreg i ei avstemming unnlét å stemme for ønsket frå palestinarane om å få heist flagget utanfor FN-bygningen, vil enten utanriksminister Børge Brende (H) eller den norske FN-ambassadøren Geir O. Pedersen vere til stades under seremonien.

LES OGSÅ: Ap vil anerkjenna Palestina

Gjevarlandsgruppa for Palestina, som Noreg har leiaransvar for, møtest også onsdag.

119 land stemte denne månaden for at både palestinaranes og Vatikanets flagg skal heisast utanfor FN-bygningen i New York. USA og sju andre land stemte imot, mens Norge og 44 andre land avstod.

Palestina har berre observatørstatus i FN, til liks med Vatikanstaten.

Ifølgje Brende avstod Noreg frå å stemme fordi det normalt skal vere flagga til medlemslanda som skal henge utanfor hovudkvartera til internasjonale organisasjonar. (©NPK)

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza