Erna Osland med viktig bok som tar barna på alvor

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis skriv ein for born om noko så stort, komplekst og viktig som klimaendringar og vêr? I boka Når det regnar i Afrika, byrjar Erna Osland med regnet. Me får vita korleis regnet blir til, og kor mange skydropar det er i kvar regndrope. Samtidig blir me kjent med Styrk som drøymer om regn. Far hans og mormora hans er i Afrika og byggjer vatningsanlegg, men regnet kjem ikkje.

Dei mindre historiene om Styrk passar godt til faktatekstane, men kan òg lesast berre for seg. Dei gjev fine avbrekk innimellom all kunnskapen som strøymer over dei nesten 90 sidene i boka. Her er det mykje å læra, både for vaksne og barn! Erna Osland viser igjen evna si til å skapa undring og lyst til å lesa meir om den forunderlege verda me bur på.

Med historiene om Styrk og faren og mormora hans i Afrika er òg med på å visa engasjementet til forfattaren for kva som hender med det livsviktige vêret vårt. Som ho skriv: «vi må gjere som Styrk: Vi må ta grep.»

Les intervju med forfattaren her!

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Faktaboks

Når det regnar i Afrika. Ei bok om vêr og klimaendringar
Av Erna Osland
Illustrert av Per Ragnar Møkleby
Samlaget, 2015