Tilliten til Frp i innvandringspolitikken fell

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dalande tillit til Frp om innvandring

I juni hadde partiet tillit frå 22 prosent av veljarane i innvandringsspørsmål, skriv Dagsavisen. Ein månad seinare var talet 20 prosent, mens ei måling Ipsos MMI har gjort for Arbeidarpartiet dagen etter valet gav ei utteljing på berre 17 prosent for Frp i dette spørsmålet.

LES OGSÅ: Frp-arar vil ta imot færre syrarar

– Dersom ein ser på tilliten, verkar det som om Frp har tapt denne saka, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

Høgre ligg stabilt rundt 13– 14 prosent, mens partia med den mest liberale politikken – KrF, Venstre og SV – heller ikkje har vunne fram i noko særleg grad.

– Tvert imot har Ap vunne mest tillit på innvandringspolitikken. Så Frp kom dårleg ut, samtidig som det ikkje er noko sterk bølgje i meir liberal retning, seier Bergh.

I undersøkinga elles er det gjennomgåande dei største partia, Arbeidarpartiet og til dels Høgre, som nyt størst tillit på ulike politikkområde. Klima og miljø skil seg ut: her er det Dei Grøne som får størst tillit, heile 38 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: Språkforskarar får imot språktesten til Frp