Ny skifestival i Lom
Ein festival for skihistorie og skiglede blir arrangert for fyrste gong i november.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Fjuken.
Det er Norsk Fjellmuseum i Lom som vil arrangere festivalen 12. til 15. november.
Skifestivalen vil ha fokus på skihistorie; om gamle ski, føremål, form og fasong, om skiteknikk, bruk og nytteverdi.
Mykje skal skje i Presthaugen, men sjølvsagt skal ein opp i snøen – til Sognefjellet eller Leirdalen, og arrangøren garanterer snø.
Norsk Fjellmuseum ynskjer å gjera Ottadalen og fjellområda rundt betre kjent som skidestinasjon, og marknadsføre nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.
– Vi har sesong nær sagt året rundt, og med ein relativt ny og veksande marknad innan topptur/alpin skiturisme, bør området har stort potensiale i framtida, skriv Dag Inge Bakke og Anne Silje Berg i eit brev til Lom kommune.