Fann kur mot matteangst

Brukte same metode som blir brukt mot angst for edderkoppar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange born blir redde når dei ser eit reknestykke. Matteangst kan påverka utdannings- og yrkesval seinare.

No viser ein ny studie at matematikk-angsten kan kurerast. Individuell rettleiing ser ut til å fjerna reaksjonar i fryktsenteret til hjernen, melder Forskning.no.

I forsøka greidde dei amerikanske forskarane å få elevane til å bli betre til å løysa matematikkoppgåver.

LES OGSÅ: Ha trua på deg sjølv – bli god i matte

– Det mest spennande ved funnet våre er at rettleiinga òg reduserer angsten, seier Vinod Menon, professor i psykiatri og åtferdsvitskap ved School of Medicine ved Universitetet i Stanford i ei pressemelding. Han var med i forskargruppa bak den nye studien.

Forskarane undersøkte om mattefobi kan behandlast på same måte som andre fobiar. Forskarane brukte same eksponeringsterapi som blir brukt mot frykt for edderkoppar.

I den nye studien gav vegleiarar kvart barn individuell undervising i 22 timar over åtte veker, på ein ikkje-negativ, oppmuntrande måte.

Les også: Ny forsking: Fobi forbi