Ein guide til folket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

101 tv-seriar du bør sjekka ut

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Utflytta kvinnhering og tidlegare husnesbu, Asbjørn Slettemark (40), er etter kvart blitt godt kjent for tv-sjåarar og radiolyttarar. Han har blant anna vore programleiar for Lydverket på NRK1, musikkmeldar på Absolutt Underholdning på TV2, programleiar for Pyro på NRK P3, redaktør for musikkbransjebladet Farojournalen og Idol-dommar hausten 2007. Dei siste åra har han og kameraten Aslak Nore drive bloggen «Op-5» om tv og film og krimlitteratur, og no gir dei ut bok i lag.

– Boka «101 TV-serier» er ein guide til folket som set seg ned i sofaen og lurer på kva dei skal sjå på. Det er inga rangering eller kåring, men ein rein forbrukarguide basert på bloggen vår, forklarer Slettemark.

LES OGSÅ: Her er kjendisane sine krimfavorittar

«Ally McBeal»
Han kan røpa at boka inneheld ei god blanding av klassiske, eldre tv-seriar, i tillegg til mykje nytt, i alle typar sjangrar.

– Eg og Aslak pløyer gjennom det meste som finst av tv-seriar, frå krim til humor. «Cheers», «The Simpsons» og «Modern Family» er med, det same er den klassiske «dameserien» «Sex and The City». I boka finn du nok mange seriar som ligg våre hjarta nær, men også ein del «gløymte» perler som foreldra våre nok hugsar godt. Til dømes likar eg veldig godt ein engelsk spionserie frå 70-80-talet som heiter «The Sandbaggers». Mange blir nok også overraska over at «Ally McBeal» er med i boka, ein litt gløymt serie frå 90-talet som var artig å sjå igjen.

– Men har du ein absolutt favorittserie?

– Ja, det har eg. «The West Wing» («Presidenten» på norsk) er ein serie eg ser om og om igjen, eg trur eg er på tredje runden no. Den har alt, den er både spennande og morosam, og handlar om livet i Det Kvite hus, på vestvingen. Kanskje eg likar serien fordi eg har vakse opp i Kvinnherad, med alt dramaet og kaoset i politikken der?

LES OGSÅ: Her er dei beste tv-seriane

Manglar på marknaden
Boka som kjem i butikkar denne veka har altså utspring frå bloggen til Slettemark og Nore.

– Korleis oppstod bloggen?

– Det er ei artig historie. Eg og Aslak møttest på ein middag gjennom ein felles ven, i New York under den førre finanskrisa. Det var halv pris i vinkjellaren, og sidan Norge ikkje var ramma av finanskrisa då, sat «oljepengane» våre laust. Etter å ha gjort eit djupdykk nemnde vinkjellar, blei eg og Aslak sitjande å prata om felles interesse for krim, og at det ikkje fanst nok å lesa på norsk om temaet. Då bestemte vi oss for å starta ein blogg.

Møtet mellom dei to, som no er blitt kameratar og forfattarar i lag, fann stad rundt 2010. Året etter såg bloggen dagens lys. Nore bur no i Frankrike, men i dagens digitale verd kan dei likevel samarbeida om å skriva bloggen, og møtast når dei er i same by.

– Det har fungert veldig bra. Vi bestemte oss for å gi ut bok fordi vi er overtydde om at ei slik bok manglar på den norske marknaden. Eg trur det er det spørsmålet eg får oftast; Om kva tv-seriar eg kan kjøpa. Hadde eg selt ei bok kvar gong nokon spurde om det, hadde eg lett kunna kjøpa alle villaane på Bogsnes på kort tid! ler Slettemark.

Aslak Nore har gitt ut fleire bøker tidlegare, medan dette blir Slettemark sin forfattardebut.

– Det er første gongen eg gir ut bok, og det er veldig stas. 1. oktober blir det lanseringsfest på Tanum bokhandel på Karl Johan.

Boka «101 TV-serier» er gitt ut på Kagge forlag.

LES OGSÅ: Lagar språk for tv-seriar