«Okkupert» på fjernsynsskjermen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er duka for spenning når TV 2 sundag 4. oktober køyrer i gang sin thrillerserie «Okkupert». Ein serie som har kosta rekordhøge 90 millionar kroner og som er den store seriesatsing i norsk fjernsynsbransje denne hausten.

– Det handlar om korleis menneske reagerer på radikale endringar når våre grunnverdiar vert sett under stort press, seier regissør Erik Skjoldbjærg til NTB.

– I serien skrur norske styresmakter gradvis av olje- og gasstilførselen til omverda. Dette utløyser reaksjonar. Men om Noreg faktisk blir okkupert er eit tema som er oppe til diskusjon, seier han.

LES OGSÅ: No kjem MacGyver tilbake – som kvinne

Storpolitikk
Serien er skrive etter ein idé av Jo Nesbø og gjev eit skremmande bilete av korleis det kan gå om EU bed Russland okkupere Noreg, fordi Noreg med ein idealistisk statsminister nektar Europa tilgang til våre olje- og gassførekomstar.

Erik Skjoldbjærg, kjent blant anna for «Insomnia og «Pioner», har levd med serien sidan 2013. Han synest det har vore moro å få leike seg med det geopolitiske verdsbiletet og lage ein spenningsserie som tek opp store spørsmål, ikkje minst korleis vi som nasjon reagerer når vi vert sett under stort press.

– På ein måte har jo serien forgreiningar til andre verdskrigen. Også då var det ulikt korleis folk reagerte. Størsteparten av befolkninga gjorde ikkje aktiv motstand, men valde heller å forsvare sånt som familie, jobb og heim, seier han.

Han er vel vitende om at ein ny norsk fjernsynsserie konkurrerer med gigantiske strøymetenester som Netflix og HBO.

– Men det tenkjer eg berre er gøy. Det er topp at vi har noko å løfte oss mot, seier Skjoldbjærg.

LES OGSÅ: «Frikjent» vil visa moderne bygdeliv


Ane Dahl Torp speler ei av rollene i fjernsynsserien «Okkupert». Foto: Aksel Jermstad / Handout / NTB scanpix / NPK

Idealist
Sett i lys av valresultat, der Miljøpartiet Dei Grøne gjorde eit brakval, er «Okkupert» temmeleg aktuell.

Det er Henrik Mestad som speler den idealistiske statsministeren. Ei rolle han har gjort mykje research for å spele, seier Mestad til NTB.

– Eg har sett igjennom Barack Obama sine talar frå før han blei president til han sat godt i presidentstolen, og sett korleis han endra seg frå å vere ein idealist til veldig raskt bli ein ansvarleg politikar. Eg har òg sett mykje på korleis både Tony Blair og Jens Stoltenberg er når eg har førebudd meg på rolla, seier han.

Mestad skildrar med levande mimikk og gestikulerande hender korleis han har trent på rolla, om og om igjen.

LES OGSÅ: Kva er det med Doctor Who?

Mestad i dress
– Eg har for eksempel begynt å gå mykje i dress. Eg har trent på å kunne knyte ein Windsor slipsknute samstundes som eg snakkar eller gjer noko heilt anna. Og det får eg til når som helst no, seier Mestad, og smiler:

– Det var ein ganske uvanleg research, men ja, absolutt morosamt å spele statsminister, held han fram.

I «Okkupert» er Mestad ein nokså unorsk statsminister i den forstand at han ikkje spring ut frå det parlamentariske systemet, men frå eit sterkt fagmiljø og ein bakgrunn som klimaaktivist.

– Eg har jo forstått kor viktig Stortinget er for ein statsminister, og denne bakgrunnen manglar eg som statsminister. Men eg har eit vinnande vesen, og eg kan mykje, seier Mestad om sin eigen rollefigur.

LES OGSÅ: – Eg håpar ikkje Obama er inspirert av Frank Underwood


Eldar Skar er livvakta til statsministeren. Etter kvart får han ei nøkkelrolle i fjernsynsserien «Okkupert». Foto: Aksel Jermstad / Handout / NTB scanpix / NPK 

Livsvakta blir viktig
I dette vanskelege politiske spelet får livvakta til statsministeren, spilt av Eldar Skar, ein viktigare og viktigare rolle.

– Min person er ein mann som tek jobben sin veldig på alvor, men som ikkje vil vere i sentrum. Han legg stor prestisje i å gjere ein god jobb. Og det som gjer rolla veldig interessant er at det som ikkje heilt typisk er ei stor rolle utviklar seg på grunn av tilfelle til å bli ei rolle der min person blir meir og meir i sentral, seier Skar til NTB.

Han er forholdsvis ukjent i skodespelarverda.

– Eg hadde ei liten rolle i TV-serien «Mammon» der eg spilte VG-journalist, elles har eg spelt mest teater, seier Skar som opphavleg kjem frå Molde og er bunden til Teatret Vårt der.

– Med ei viktig rolle i den dyraste fjernsynsproduksjonen blir det truleg slutt på at du er forholdsvis ukjent som skodespelar?

– Ja, men det tenkjer eg er heilt greitt, dersom det fører til at eg får fleire større roller. Det var Erik Skjoldbjærg som gav meg rolla meg til serien, og då eg forstod kor stort det var fekk eg litt sånn wow-kjensle, men dette trur eg blir bra, seier Eldar Skar til NTB.

Serien er på ti episodar og i andre viktige roller ser ein Ane Dahl Torp, Ragnhild Gulbrandsen, Selome Emnetu og Vegar Hoel. (©NPK)

Sjå traileren her: